11. oktober 2018

Kjell Venås: Ivar Aasen og Universitetet (2000)

Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda opna i juni 2000. Til opninga fekk dei mange gåver, mellom anna dette heftet. Aasen-biografen Kjell Venås vart engasjert av Universitetet i Oslo for å skriva om tilhøvet mellom Aasen og universitetet. Det er eit godt utgangspunkt for eit hefte, men det tek liksom ikkje heilt av.

Den viktigaste grunnen er kanskje at Aasen aldri var nært knytt til universitetet. Han hadde noko kontakt med mange tilsette der, og han brukte samlinga ved biblioteket deira, men han hadde ikkje altfor nær kontakt med korkje personar eller institusjon. Venås løyser oppgåva ved å skriva korte biografiar om akademikarar Aasen hadde kontakt med, til ulike tider i livet. Dei fleste, kanskje alle, av desse var viktige for han, men boka minner mest av alt om ei samling korte biografiske artiklar. Dei artiklane er heilt greie, og me vert betre kjende med personane, men det manglar likevel noko. Mest av alt sit eg att med ei kjensle av at han ikkje har svara heilt på oppgåva han er førelagt.

Guffen er lunken.

Meir Ivar Aasen på kulturguffebloggen
Garborg, Hovden, Koht: Ivar Aasen. Granskaren, maalreisaren, diktaren (1913)
Handagard: Ivar Aasen (1956)
"Kven skal læra han Ivar å lesa?" (10.12.2011)
Grepstad: Historia om Ivar Aasen (2013)
Symra (2013)
Grepstad: Aasen-bibliografien (2018)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar