14. oktober 2018

Alf van der Hagen: Dialoger (1993)

Det siste året (omtrent) har eg lese to samtalebøker av van der Hagen. Der har han snakka seg gjennom livet og arbeidet til to forfattarar, høvesvis Dag Solstad og Kjell Askildsen. Eg har ikkje lese spesielt mykje av nokon av dei, men sette stor pris på dei to bøkene. I denne boka, som kom ut før dei to nemnde, snakkar han med i alt ti forfattarar.

Alle samtalane er ikkje like vellukka for meg. Det kan koma av at eg ikkje kjenner forfattarskapane godt nok, men eg trur ikkje det kan vera einaste grunnen. Her er gode samtalar med andre eg ikkje har lese mykje av. Samtalane med Solstad og Askildsen er gode, og det er òg samtalane med Jan Erik Vold og Jon Fosse. Dei to eg likar best er Øystein Lønn og Einar Økland, noko som kanskje er litt rart. Lønn er svært reservert, og vil helst ikkje seia så mykje om bøkene sine, medan Økland ikkje framstår som så kverulantisk som han gjerne kan vera. Han er kritisk, og han tenkjer fritt, men han verkar ikkje så oppteken av å framstå som ein fritenkjar her.

Guffen tilrår.

Meir van der Hagen på kulturguffebloggen
Dialoger II (1996)
Dag Solstad. Uskrevne memoarer (2013)
Kjell Askildsen. Et liv (2014)

1 kommentar:

  1. Interessant. Eg opplevde det nokså likt. Etter å ha lese samtalebøkene med Solstad, Askildsen og Henning Hagerup, blei eg litt skuffa. Men det er jo ein del år mellom den første og desse siste så forfattaren har fått øvd ein del.

    SvarSlett