8. oktober 2018

Paul Auster: The Inner Life of Martin Frost (2007)

Romanen The Book of Illusions frå 2002 handlar dels om filmskaparen Hector Mann, som isolerer seg og lagar filmen ingen andre enn dei aller næraste får sjå. Unntaket er filmen The Inner Life of Martin Frost, som ein professor som har skrive om filmane til Mann får sjå, like før alle filmane til Mann vert brende.

I romanen refererer Auster så godt som heile handlinga. Nokre år seinare skreiv han det om til eit filmmanus, og han regisserte filmen sjølv. Det er ein kort og grei historie, som lir litt av den ikkje heilt gode vekslinga mellom draum og realitet, og mellom verkelege personar og fantasivesen.

Forfattaren Martin Frost låner eit hus for å få fred til å fullføra ein roman. Ein morgon vaknar han opp med ei ukjent kvinne i senga. Ho hevdar at ho òg har fått låna huset, og etter kvart går det som det må gå. Dei kjem godt overeins, og Frost fullfører boka si. Mot slutten vert ho sjuk, og ho døyr i det han får boka ferdig. Han forstår (merkeleg nok) at han må brenna manuset sitt for at ho skal få leva. Ho overlever, men forsvinn seinare. I staden får Frost kontakt med han som skal reparera varmtvasstanken, og med ei ung jente han har med seg.

Det heile tapar seg ein gong rundt midten av boka. Begge kvinnene er fantasivesen. Det skapar ei kjensle av at det er eit eventyr me les, utan at det gjer det så mykje meir spanande. Det er òg litt for mange døme på den ikkje alltid like vellukka humoren til Auster, i skrivinga si har han ofte ein humoristisk sans som ikkje er altfor imponerande.

Guffen er lunken.

Meir Auster på kulturguffebloggen
The Invention of Solitude (1982)
Paul Benjamin: Squeeze Play (1984)
The New York Trilogy (1987)
In the Country of Last Things (1987)
Moon Palace (1989)
The Music of Change (1990)
Leviathan (1992)
Mr. Vertigo (1994)
Smoke (film, 1995)
Timbuktu (1999)
True Tales of American Life (redaktør, 2001)

The Book of Illusions (2002)
Oracle Night (2003)
Auster, Karasik og Mazzucchelli: City of Glass (teikneserie, 2004)
Auggie Wren's Christmas Story (2004)
The Brooklyn Follies (2005)
Travels in the Scriptorium (2006)
Man in the Dark (2008)
Invisible (2009)
Sunset Park (2010)
Winter Journal (2012)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen 2.2.13)
Auster and Coetzee: Here and Now (2013)
Report from the Interior (2013)
4 3 2 1 (2017)
A Life in Words. Conversations with I.B. Siegumfeldt (2017)
Talking to Strangers (2019)
Groundwork (2020)
Bloodbath Nation (2023)
Baumgartner (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar