10. oktober 2018

Helge Ingstad: Øst for den store bre (1935)

I 1931 okkuperte Noreg eit område på Aust-Grønland. Regjeringa bad Helge Ingstad vera sysselmann for dette området, og saman med nokre få andre overvintra han i det okkuperte området 1932-33. Saka var klaga inn for den internasjonale domstolen i Haag, og der tapte Noreg med glans. I april 1933 reiste Ingstad frå Grønland.

Denne boka fortel om opphaldet hans. Det er ei fin bok, men ho tek liksom ikkje heilt av. Av og til vert det noko halvhjarta over det heile, slik det kanskje var med heile okkupasjonen. Han skriv om jakt, han skriv om mat, han skriv om hus og snøholer, han er på turar for å gjera seg kjend, osb. Han skriv godt, her er mange fine naturskildringar, men eg kan ikkje fri meg heilt for ei kjensle av at han her ville surfa litt på suksessen frå den fyrste boka si, Pelsjegerliv, som jo vart ein bestseljar.

Det er òg påfallande at han i innleiinga ikkje skriv noko om sjølv okkupasjonen, og om si eiga rolle i den. Mot slutten skriv han at dei ventar svar frå Haag, og når svaret kjem vert alle nedtrykte, men det er alt. Det kjem ikkje fram kvifor Ingstad var på Grønland, og når ein les denne boka kan ein få inntrykk av at naturopplevinga var den einaste grunnen til at han var der. Kva han meinte om sjølve okkupasjonen skriv han ikkje noko om.

Guffen er lunken.

Meir Ingstad på kulturguffebloggen
Helge Ingstad: Pelsjegerliv (1931)
Helge Ingstad: Klondyke Bill (1941)
Helge Ingstad: Nunamiut (1951)
Helge Ingstad: Landet under leidarstjernen (1959)
Helge Ingstad: Vesterveg til Vinland (1965)
Benedicte Ingstad: Eventyret (2009)
Benedicte Ingstad: Oppdagelsen (2010)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar