21. oktober 2018

Vidar Kvalshaug: Den første av dine aller siste sjanser (2009)

Robert Forster laga ein gong ei liste han kalla "The 10 rules of rock'n'roll". Den er full av gode observasjonar, som til dømes den om at bandet med flest tatoveringar har dei dårlegaste songane. Det har ikkje så mykje med denne boka å gjera, men det har derimot ein annan av reglane hans: Den nest siste songen på alle album er den veikaste.

Slik er det òg i denne novellesamlinga. Den niande av ti noveller, "Lyset i desember", er den veikaste. Det er ikkje det same som at ho er veik, men det var den einaste av novellene eg ikkje likte. Dei andre er altså alle gode, og slik er det gjerne når ein les novellesamlingane til Kvalshaug.

Når eg les novellesamlingar ser eg gjerne etter ein fellesnemnar. Det finst nokre slike her, men den tydelegaste ligg kanskje i tittelen: Hovudpersonane i novellene står ved små eller store vendepunkt i livet, og har ein sjanse til å få alt i orden igjen.

Det greier dei kanskje, det får me ikkje alltid vita. Kvalshaug syner oss ikkje alltid kvar vegen vidare går, eller kva resultatet av den vanskelege situasjonen vert. Det fine er at det er ikkje det viktige. Han viser oss situasjonane, han kjem med nok drypp frå fortida til at me skjønar kva som gneg, og han fortel oss altså ikkje meir enn me treng å vita. Men han fortel det på ein knakande god måte.

Guffen tilrår.

Meir Kvalshaug på kulturguffebloggen
Ingen landevei tilbake (1996)
Nesten som på film (1998)
Komme hjem og reparere hus (2005)
Trampolineland (2012)
Alt på stell (2016)
Blodbøksommer (2017)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar