20. februar 2017

Jon Krakauer: Missoula (2015)

Det er ikkje den beste boka til Krakauer, dette, men det kan godt vera den viktigaste. Temaet er valdtekt, og korleis valdtekt er altfor vanleg over heile USA.

Utgangspunktet er at han får høyra at ein nær ven av familien hans vart valdteken då ho var yngre. Han les meir om emnet, og vert uroa og fascinert av hendingane i Missoula, ein by i Montana. Fleire spelarar på football-laget til det lokale universitetet var anmeldt for å ha valdteke kvinnelege studentar, og Krakauer bruker dette som eit døme på kor skremmande vanleg valdtekt er, og kor lite som vert gjort for å stoppa det, eller for å straffa dei skuldige. Det er greitt at det av og til vil vera ord mot ord, men det er òg greitt at det ofte verkar greitt kven som er den skuldige.

Han refererer to saker - ei som vart verande ei intern sak på universitetet, og ei som gjekk i retten. Han eine valdtektsmannen vert kjent skuldig, han andre går fri. Slik Krakauer legg det fram, er frikjenninga heilt absurd. Måten han legg det fram på er noko av det som gjer at boka manglar den framdrifta dei andre bøkene hans har - han siterer mykje frå rettsavhøyr og frå rettslege dokument. Han har truleg valt å gjera det slik for å vera sikker på at han formulerer seg på ein måte som ikkje fører han sjølv inn i noko rettssak.

I begge desse sakene, og i dei andre han fortel om frå Missoula, kjende offeret valdtektsmannen, i ei av sakene kjende dei kvarandre ekstremt godt. Alle hadde òg drukke litt for mykje. Dette er det vanlege, fortel Krakauer. Noko av det mest urovekkande i boka er kor lite som vert gjort for å hindra slike saker. Politiet la vekk dei aller fleste valdtektssakene dei fekk. Noko anna som er urovekkande er at Missoula fekk eit stempel som ein valdtektshovudstad i USA. Krakauer viser at talet på valdtekter i Missoula faktisk ligg under landsgjennomsnittet.

Guffen tilrår.

Meir Krakauer på kulturguffebloggen
Eiger Dreams (1990)
Into the Wild (1996)
Into Thin Air (1997)
Into the Wild (film, 2007)
Where Men Win Glory (2009)
Three Cups of Deceit (2011)
Under the Banner of Heaven (2011)
Under the Banner of Heaven (fjernsynsserie, 2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar