25. oktober 2013

Kjartan Fløgstad: Brennbart (2004)

For nokre veker sidan var eg innom hjå noko slekt på Melhus. Me snakka som vanleg om litt av kvart, og kom inn på Kjartan Fløgstad. Mannen i huset er målmann i teori, men ikkje i praksis, sa at han eigentleg likte Fløgstad betre som måldebattant enn som romanforfattar. Eg tenkte litt på det, og kom vel fram til at eg var heilt samd.

For Fløgstad har skrive mykje godt om målsak og målstoda i landet dei siste åra. I fjor skreiv han den glimrande artikkelen "Eit sant mirakel" i Aftenposten, der han mellom anna viste at det står aldeles glimrande til med nynorsk skjønnlitteratur. Sist veke heldt han eit innlegg om den manglande bruken av nynorsk i riksavisene - utdrag har vore trykt eit par stader; heile innlegget kjem snart i Syn og Segn.

Og for snart ti år sidan kom denne pamfletten. Den er det ein fest å lesa. Utgangspunktet verkar å vera noko historikaren Hans Fredrik Dahl skreiv i band V av Norsk idehistorie: "Det fans målfolk som så det slik at Ivar Aasens verk ble videreført av ideologer som Alfred Rosenberg i Tyskland og Vidkun Quisling i Norge".

Det er jo ein meiningslaus påstand. Dahl utdjuper diverre ikkje denne påstanden, slik at me får aldri vita kva som skulle vera samanhengen mellom språkarbeidet til Aasen og dei tyske massemorda i Aust-Europa, som Rosenberg hadde ansvar for. Det er ein meiningslaus påstand, det er så dumt at ein ikkje veit heilt om ein skal le eller grina. Fløgstad vert derimot så irritert at han går til kjeldene, og når han kjem tilbake er det ikkje berre Dahl som får køyrt seg: Fløgstad viser at Riksmålsforbundet samarbeidde med NS under krigen. Der Noregs Mållag, som på den tida kjempa for eit språk i vekst, la språkstriden til side under krigen, gjorde Riksmålsforbundet det dei kunne for å styrka sin posisjon. Dette vert nedtona, både av Dahl og av dei som har skrive om Riksmålsforbundet; i staden skapar ein eit bilete av at det var mållaget som var mest sympatiske med NS.

Fløgstad stoppar ikkje der. Han skriv òg om korleis nynorsk vert hundsa med av folk som burde vita betre, både ungdomspolitikarar på høgresida, og av lærarar på ulikt nivå. Og han kjem med eit spørsmål som framleis er aktuelt: "Får Fosse nobelprisen i litteratur før styresmaktene får avskaffa nynorsk som offisielt språk i heimlandet til diktaren?"

Guffen tilrår.

1 kommentar:

  1. Friskt innspel som eg er rykande ueinig i. Kor god kjennskao til Fløgstad som romanforfatter har eigentleg du og han frå Medhus du er i slekt med? Eit typisk kjenneteikn ved F som romanforfattar er jo at han integrerer essayistiske element. ¨Kron og mynt¨er eit godt døme!

    SvarSlett