I 1990-åra var det langt mellom dei gode westernfilmane. Det var ein sjanger som mest høyrde fortida til, og slik sett var det difor passande at når det fyrst kom ein bra western i 90-åra, handla det om gamle menn.
Ei prostituert vert kutta i fjeset av ein kunde. Han slepp relativt billeg unna, og kollegaene hennar utlovar ein dusør til den som kan drepa valdsmannen og kameraten hans. To gamle revolvermenn, William (Clint Eastwood) og Ned (Morgan Freeman), vert inviterte med av ein wannabe revolvermann. Dei er rustne, på alle måtar. Ein ting er at dei ikkje skyt like sikkert som i gamle dagar, ein annan ting er at William ikkje greier å koma seg opp på hesten. Den fyrste halvtimen av filmen landar Eastwood i gjørma eller på bakken fire-fem gonger, ingen av dei er overtydande.
Resten av filmen er betre. Byen der valdshendinga skjedde er totalt dominert av den knallharde sheriffen Bill Daggett (Gene Hackman), som sparkar og slår i alle retningar. Det er mellom han og dei to (ev. tre) revolvermennene det endelege slaget står - dei to valdsmennene har heilt perifere biroller.
Guffen tilrår.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar