Daniel Plainview har eitt mål i livet: Å tena så mykje pengar som råd. Han er ein pioner innan oljeboring i California, og kan såleis nytta røynslene sine til å få gode kontraktar. Han får pengar, han kjøper meir land, og får meir pengar. Filmen sluttar med at han bur i eit enormt hus, heilt åleine. Spesielt lukkeleg verkar han ikkje, can't buy me love og alt det der.
Han gjer alt for å nå målet. Han smiskar og lyg, han tek livet av folk som står i vegen for han, og når ein av pionerkollegaene hans døyr, tek han til seg son hans - primært for å bruka denne guten i forhandlingar og på folkemøte. Når guten vert eit problem, sender han han berre vekk.
Han er altså rimeleg ond, og det er difor ikkje overraskande at den motstandaren han slit litt med er ein predikant. Denne predikanten er heller ikkje heilt til å stola på; han har ikkje noko utdanning, og ser ut til å ha laga sin eigen religion, men han er ein av dei få som er sterke nok til å stå mot Plainview.
Er denne historia god nok til å bera ein film? Kanskje, men ikkje av seg sjølv. Her vert ho dregen ut i det uendelege, det går ubehjelpeleg seint, og det me får er endå ein av desse filmane som kallar seg episk. Det er ikkje noko godt teikn, og her fungerer det altså ikkje.
Guffen kan ikkje tilrå dette.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar