Cable Hogue vert forlatt av to kompanjongar i ørkenen, heilt utan vatn. Han leitar i dagevis, før han finn ei lita kjelde ingen har visst om. Kjelda ligg like ved ei vognrute, og han set opp eit lite hus, der han byr reisande på kost (og ein sjeldan gong losji).
Handlinga er lagt til tidleg 1900-tal, og det skjer i det sørvestlege USA. Den ville vesten syng på siste verset, her er litt skyting og sånn, men er dukkar òg opp langt meir moderne saker. Tida endrar seg, og det er av og til noko melankolsk over filmen.
Mykje er godt her, men mykje er òg dårleg. Det er ikkje mykje som er meir pinleg enn scener som heilt opplagt skal vera komiske, utan at dei er det. Hogue forelskar seg i ei prostituert kvinne i nabobyen, og måten ho er filma på er òg skrekkeleg pinleg.
Guffen er lunken.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Fantastisk film. Finnes ikke noe mer romantisk. På ekte.
SvarSlett