Det er ofte fort gjort å referera handlinga i ein westernfilm. Det er gjerne slik at ein eller fleire menn skal utføra ei oppgåve som fører med seg ein del reising. Kanskje dei skal føra tusenvis av kveg til ein stad det er jarnbane. Kanskje dei skal føra ein kriminell til nabobyen. Eller, som tilfellet er her, kanskje dei skal ri til ein hacienda i Mexico for å henta ei kvinne som er kidnappa.
Ein rik ranchar kontaktar fire hardbarka menn, og lover dei god betaling viss dei kan befri kona hans, som er kidnappa av ein mexikansk opprørar. Dei rir sørover, gjennom tronge kløfter og ein glovarm ørken. På vegen tek dei livet av ti-femten mexikanarar, og når dei kjem fram til haciendaen tek dei livet av minst femti til. Dei får med seg kvinna. Dei vert forfulgt, men tek livet av fem av dei seks som kjem etter dei. Den einaste som overlever er den mexikanske leiaren, som vert teken til fange og teken med til grensa, der dei møter oppdragsgjevaren sin. Og der, i dei siste minutta i filmen, kjem det ei ørlita overrrasking.
Det er ein heilt grei film, men han kunne med hell ha vore korta ned litt. No går det litt for seint av og til, og det vert nokre gonger brukt alt for lang tid på å få fram poeng som kanskje ikkje var så viktige likevel. Handlinga er lagt til rundt 1915, då Mexico var midt inne i ein langvarig revolusjon, og der òg er litt for mange samtalar om kva dei enkelte meiner om denne revolusjonen.
Guffen er lunken.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar