17. februar 2012

Synecdoche, New York (2008)

Charlie Kaufman skriv sterkt originale filmmanus. Han skreiv mellom anna manus til Being John Malkovic og Adaption, to av dei beste filmane eg har sett i dette tusenåret. I begge dei filmane tek historia uventa vendingar; slik er det òg i denne filmen. Og vel så det.

Caten Cotard er ein dyktig teaterregissør, busett i byen Schenectady i New York. Privatlivet er det verre med, han glir vekk frå kona, er sjølvopptatt, er aktiv hypokonder, og det fyrste han les i avisa er nekrologane. Kona, som er biletkunstnar, tek med seg dotter deira til Berlin, i utgangspunktet for ei kort tid, men dei vert begge verande der. Cotard taklar ikkje dette, vert litt øren, og då han brått får eit enormt teaterstipend, finn han ut at han vil setja opp eit massivt teaterstykke.

Han har ikkje noko manus, men byggjer det opp etter kvart. Han hyrer inn haugevis med skodespelarar, som øver og øver heile dagen, utan at stykket vert framført. Slik går no dagan, dei øver i årevis. Cotard skriv etter kvart seg sjølv inn i stykket, og det er lett å finna ut kven som skal spela han: På prøvespelinga dukkar det opp ein mann me har sett gjennom heile filmen, og han fortel at han har fulgt etter Cotard i tjue år, slik at han veit godt korleis han skal spela han.

Assistenten til Cotard, Hazel, vert òg skrive inn i stykket. Dei to har hatt ein flørtande tone gjennom heile filmen, men det vert aldri noko av det. Det kjem nokre fantastiske scener der skodespelar-Cotard, som er litt meir frampå enn Cotard, slår seg saman med Hazel. Cotard ser ikkje anna råd enn å slå seg saman med skodespelar-Hazel.

Dette skjer, men det skjer òg mykje meir. Det er mykje moro i detaljane, og eg er rimeleg sikker på at eg hadde sett endå meir moro om eg hadde sett filmen fleire gonger. Ting vert repetert, både i opninga og slutten av filmen er til dømes klokka 7.45; Cotard fører omtrent identiske samtalar i to gravferder han går i, replikkar vert repetert, osb.

Skodespelet vert innøvd i eit enormt lokale. Der byggjer dei etter kvart opp ein by, med ekte hus og rom og heisar og alt, og Cotard lever seg så godt inn i denne draumeverda at han til og med gløymer å vera sjuk. Dei som er der inne får heller ikkje med seg alt som skjer utanfor, dei vert etter kvart eit samfunn i samfunnet.

Guffen tilrår.

Meir Kaufman på kulturguffebloggen
Being John Malkovich (1999)
Eternal Sunshine of the Eternal Mind (2004)

1 kommentar:

  1. Noko heilt anna: Linda Boström Knausgård har skrive boka Grand Mal. Har det noko med bandet å gjere?

    SvarSlett