5. april 2011

The Searchers (1956)

Monument Valley, eit område sørvest i USA, har eit fantastisk landskap. Det var eitt av favorittområda til Everest Ruess, og det er ikkje vanskeleg å skjøna kvifor. Opp frå den flate ørkenen stikk det høge steinformasjonar, som oftast er tilnærma loddrette i den øvste delen.

Området gjer seg godt på film, og det er den største attraksjonen i denne filmen. Historia er høgst tradisjonell, og skodespelet er prega av dette overspelet som var vanleg i femtiåra. John Wayne, som har eit heller avgrensa repertoar som skodespelar, har hovudrolla.

Dette skjer: Nokre comanchar går til angrep på ein kvit familie, og tek dei to jentene som får leva til fangar. Slekt og vener prøver å ta att indianarane, men dei fleste gjev opp. Berre tre av dei held fram, Wayne, ein ung mann som er kvart cherokee, og som var adoptert av den angripne familien (spelt av Jeffrey Hunter), og ein mann som var kjærast med den eldste av jentene. Då dei finn liket av den eldste jenta, går han til eit meiningslaust einmannsangrep på indianarane, og dei to andre leiter vidare utan han. Etter fem år får dei høyra kvar den yngste jenta er, og etter litt skyting greier dei å frigjera ho.

Filmen er fri for overraskingar. Alt i opningsscena er Wayne skeptisk til Hunter, og då er det opplagt at Hunter kjem til å spela ei viktig rolle i leiteaksjonen, og at Wayne kjem til å få eit betre inntrykk av han. Dotter på nabogarden har eit godt auge til Hunter, og når han og Wayne etter mange år kjem attende til garden akkurat i det ho skal gifta seg med ein annan, er det opplagt at han kjem til å få stoppa det bryllaupet. Når nokon slåst, endar det omtrent alltid med at nokre skrøpelege møblar vert øydelagde. Sjølv om det er ein del skyting og litt skalpering, ser me omtrent ikkje ein dråpe blod.

Så det er ikkje så mykje positivt å seia om denne filmen. Bortsett frå filminga, som verkeleg gjer at ein får lyst til å reisa attende til Monument Valley. For eit landskap.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Ford på kulturguffebloggen
The Grapes of Wrath (1940)
The Man who shot Liberty Valance (1962)

2 kommentarer:

  1. Eg har forslag til nytt etikettsystem. Guffen tilrår, Guffen kan ikkje tilrå dette og Guffen er lunken. Slikt er lett å navigere i.

    SvarSlett
  2. Eg mistar trua på Guffen som kulturkritikar når Guffen ikkje tilrår "The Searchers". Eit mesterverk. Så vakkert fotografert at ein kan gråte. Så godt spelt av John Wayne at ein kan undre på om han faktisk kunne spele, sjøl om kva Ford måtte seie om han. Løyndomar og hint. "That'll be the day". Terninga er kasta og visar seks auge.

    SvarSlett