Viser innlegg med etiketten Fatland. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Fatland. Vis alle innlegg

10. juli 2024

Erika Fatland: Sovjetistan (2014)

Erika Fatland tek oss med til ein region dei fleste av oss veit svært lite om. Fem land som sluttar på -stan; alle fem var ein del av Sovjetunionen og vart eigne land i 1991. Alle dei fem delane er ei blanding av reiseskildring og historiebok, og jamt over er det interessant og opplysande.

Dei fem landa har sjølvsagt ting til felles, men der er òg ulikskapar. Dei mest underhaldande delane av kvar bolk handlar ofte om dei som styrer landa. Dei er eksentriske, dei har (stort sett) altfor mykje makt og altfor stort sjølvbilete. To av dei har skrive (eller skapt inntrykk av at dei har skrive) bøker om historia til landet, og dette er selektive greier. Og det er bøker med kort levetid - presidenten i Turkmenistan skreiv ei slik bok, og boka vart pensum overalt. Etter at han døydde gjekk boka ut av bruk, og Fatland finn ikkje eingong ein kopi på det lokale biblioteket.

Det er eit slags mindreverdskompleks over fleire av desse landa. Dei vil visa fram ein (innbilt) rikdom på ulikt vis, mellom anna ved å bruka dyrt byggjemateriale. Eller ved å byggja eit av dei største biblioteka i verda, der det einaste som manglar er bøker til å fylla hyllene. Ho vitjar òg fleire store og prangande museum, der ho er den einaste besøkande.

Det er ei god bok. Eg saknar likevel noko av det som hevar slike bøker endå meir - trass i døma over skulle eg gjerne tenkt meg at Fatland skreiv noko meir livfullt. Det er berre kjekt å ha ting å smila av.

Guffen tilrår.

Meir Fatland på kulturguffebloggen
Englebyen (2011)
Grensen (2017)

16. april 2022

Erika Fatland: Grensen (2017)

Undertittelen på denne boka, "En reise rundt Russland" røpar kva som skal skje. Ho er innom alle nabolanda på veg rundt Russland, eller nesten rundt Russland - av uklare grunnar droppar ho austkysten, utan at det er så veldig viktig. Ho skriv mykje om historia til dei ulike landa, men det det handlar mest om er tilhøvet deira til den store naboen. Det er eit greitt grep, og her er mykje forvitneleg og interessant, men boka tek likevel ikkje heilt av.

Boka opnar med båtreisa frå nordaust til nordvest, og det er den minst spanande delen av turen. Det kjem seg når ho reiser på landjorda, frå det søraustlege til det nordvestlege Russland. For meg, som er sånn middels interessert i asiatisk historie, vert det meir interessant jo lenger vest ho kjem. 

Alle landa har sine særtrekk, sjølvsagt, men det verkar som om Fatland opplever mykje av det same i det. Det er ofte spaning knytt til å kryssa grenser, det er svært ofte forseinkingar, og ho møter ofte folk som ikkje vil stå fram med eige namn. Ho er ofte heim til folk, der ho heile tida får tilbod om meir og meir mat. Eg kunne tenkt meg fleire avbrot frå dette - eg saknar dei verkeleg uventa vendingane, eg saknar det kuriøse, og eg kunne i alle fall tenkt meg nokre små drypp av humor. 

Guffen er lunken.

Meir Fatland på kulturguffebloggen
Englebyen (2011)
Sovjetistan (2014)

8. november 2011

Erika Fatland: Englebyen (2011)

Englebyen er namnet på ein gravplass i Beslan, ein liten by i Nord-Ossetia i Russland. Her er 186 born og 147 vaksne, dei døydde alle under eit terroråtak mot ein skule i september 2004. Terroristane sympatiserte med Tsjetsjenia, ein av naborepublikkane til Nord-Ossetia, og etter at dei hadde halde meir enn tusen personar som gislar i ein skule i tre dagar, gjekk russiske spesialstyrkar til aksjon.

Det er krevjande å skriva berre eit så kort avsnitt som det over om hendingane i september 2004. Det er fort å ordleggja seg feil, sidan så mykje framleis er uklart. Det kjem godt fram i denne boka, der Fatland ikkje legg skjul på at ho har alle svara. Tidvis var det krevjande nok å stilla dei rette spørsmåla. Ho vitja Beslan to gonger, i 2004 og 2010, og snakka med innbyggjarane om det som hende. Der finst ei rekkje versjonar, og grunnregelen ser ut til å vera at ein må vera skeptisk til den offisielle versjonen.

Å få alle brikkene på plass, og å finna ut kva som hende og kven som gjorde kva, er likevel ikkje det viktigaste for Fatland. Det ser ut til å vera minst like viktig å finna ut korleis ein slik terroraksjon påverkar eit lite lokalsamfunn. Alle vart råka, alle miste nokon i åtaket. Det er fascinerande, for å bruka eit altfor forsiktig ord, å vera med Fatland gjennom byen. Innbyggjarane der taklar det heile ulikt, nokre har slutta å le, nokre flyttar inn på kyrkjegarden, nokre kjenner skuld for at dei ikkje handla annleis dei tre dagane, andre igjen er misunnelege på dei som fekk meir i erstatning. Ikkje uventa florerer det med konspirasjonsteoriar.

Fatland har bygd opp boka på ein glimrande måte, der ho vekslar mellom personlege møte med folk som var involverte, referat frå dei tre dagane, og glimt inn i historia i Kaukasus. Ho skriv heile tida i eit nøkternt og balansert språk, men ho treng ikkje heva røysta altfor mykje: Det ho skriv om gjer likevel inntrykk.

Guffen tilrår.

Meir Fatland på kulturguffebloggen
Sovjetistan (2014)
Grensen (2017)