7. juni 2026

Erlend Loe: Tale ved Ivar Aasens grav 17. mai 2026 (2026)

Kvar 17. mai er det kransing av ein del graver i Oslo, som ein del av det offisielle programmet. Eg har aldri vore med på det sjølv, men eg hugsar at eg for mange år sidan las ein artikkel om kransinga på Vår Frelsers Gravlund. Der stod det at det var (relativt) store folkemengder samla ved gravene til Wergeland og Bjørnson og Ibsen (og sikkert nokre andre), før nokre få utvalde glei vidare til grava til Ivar Aasen, der det var endå meir høgtideleg. Det går (sjølvsagt) på omgang å halda tale på slike dagar, og i år var det Erlend Loe som heldt talen ved grava til Aasen. 

Talen hans er god. Han opnar med å fortelja om eiga livsutvikling, der han på vidaregåande i Trondheim kom inn i eit miljø med "visse radikale tendenser": Dei var mot mykje, mellom anna israelske appelsiner og at McDonald's skulle få etablera seg i Trondheim. Mange av dei andre gjekk over til nynorsk, men det gjorde ikkje Loe. Han var likevel sympatisk innstilt til dette språket. 

Så går han over til å heidra Aasen. Han snakkar om kor langt Aasen reiste, og kor mykje han ofra for å gje Noreg eit eige skriftspråk. Han er innom nokre av dame-episodane til Aasen, og seier at Aasen hadde eit dilemma: "Dame eller landsmål. Han kunne neppe ha fått begge deler". Dei av oss som har lese mykje om Aasen kjenner igjen dette kjærleiksofferet frå utsegnene til Anders Hovden, og viss eg skal seia noko negativt om denne talen er det at Loe støttar seg litt for mykje på akkurat Hovden. Han er underhaldande og alt det der, men dei av oss som ser etter etterprøvbare fakta og noko meir nøkterne vurderingar held oss langt unna Hovden.

Guffen tilrår.

Meir Loe på kulturguffebloggen
Tatt av kvinnen (1993)
Naiv. Super (1996)
L (1999)
Fakta om Finland (2001)
Fvonk (2011)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar