7. oktober 2020

The Office, sesong 1 (2001)

 

Ingen har nokon gong spurt meg om kva som er den løgnaste fjernsynsserien som er laga, men viss nokon spør om det reknar eg med at eg svara "The Office". Her stemmer det aller meste. Her er gode karakterar, her er gode replikkar, her er (ekstremt) pinlege situasjonar, og det er vanlegvis eit par hendingar i kvar episode som gjer at eg ler høgt og lenge. Det spelar òg inn at det berre var laga to sesongar, kvar på seks episodar, og eit par joleshow. Dei gav seg medan leiken var god, og det er det jo ikkje alle som greier.

Handlinga er lagt til Wyndham Hogg, eit papirfirma i Slough i England. Leiaren for firmaet, David Brent, har ekstremt høge tankar om seg sjølv, men dei fleste andre ler av han. Unntaket er Gareth Keenan, som har endå mindre sjølvinnsikt enn Brent, og som er den største taparen av alle i serien. Dei einaste gongene Tim Canterbury og Dawn Tinsley, to som burde vore kjærastar men som aldri vert det, har det kjekt på jobb er når dei kan le av Gareth. Fleire andre i firmaet har mindre roller. Wyndham Hogg har òg ei avdeling i Swindon, og av og til dukkar det opp folk derfrå, eller frå den øvste firmaleiinga.

Serien er spelt inn utan musikk, og det er heller ikkje lagt på latter. Det er ein mockumentary, og med jamne mellomrom kommenterer folk direkte til kameraet. Den gjennomgåande historia handlar om at leiinga trugar med å leggja ned avdelinga i Slough, og at dei som vil vert overførte til Swindon. Den historia er ikkje så viktig. Meir viktig er dei mange mindre episodane, som også viser kor keisamt det kan vera å arbeida på kontor. Episoden der dei har henta inn ein teambuildar er fantastisk oppbygd, den tek slike kursdagar så til dei grader på kornet, at episoden hadde vore glimrande også utan det musikalske innslaget. Brent reiser heim for å henta gitaren og spelar nokre sjøvlaga songar. Ingen er spesielt imponerte, minst av alt kurshaldaren, med eit unntak: Gareth.

Guffen tilrår. 

Relatert på kulturguffebloggen
The Office, sesong 2 (2002)
David Brent: Life on the Road (2016)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar