3. oktober 2020

Helvete (2020)

 

Svartmetall - der har du ein musikksjanger eg aldri fekk sansen for. Det var eit altfor stort jag etter å vera den aller verste, vokalen var ufordrageleg, og valden og alt det der var tåpeleg. Det var vanskeleg å ta dei heilt på alvor - eg hugsar godt det legendariske BT-intervjuet med Greven, der han framstod som så skremmande og knallhard at det kom ein smil frå oss som las det.

Denne serien vil fortelja historien om norsk svartmetall, men det er ein undertittel som lyg litt. Det handlar stort sett om Mayhem, og tida fram til 1994. Mordet på Euronymous skjer om lag halvveges ute i den fjerde av fire episodar. Tida etter, då fleire norske band vert store, også internasjonalt, vert gjort unna på rekordtid.

Dei fyrste tre og ein halv episodane er fine. Mayhem kom saman i 1984, på Langhus i Akershus. Det heile vart meir seriøst då Euronymous kom inn i bandet. Det er stas å sjå intervju med medlemmane frå denne perioden. Eit par av dei har vore i Mayhem heile tida, og ser framleis metall ut. To andre ser slettes ikkje slik ut, sjølv om han eine av dei framleis verkar sint. Dei tek musikken seriøst, og gjev ut albumet De Mysteriis Dom Sathanas, som framleis er sett på som eit hovudverk i sjangeren. Så tek vokalisten livet sitt, før Greven altså tek livet av Euronymous. 

Andre band dukkar opp, og i serien møter me mange. Nokre er kjende (for meg), andre er mindre kjende. Dei fortel godt om den tidlege delen av svartmetallhistoria, og er jamt over kritiske der det trengst. 

Serien fortel likevel ikkje alt. Ein av dei som kjem aller best frå det er trønderen Snorre Ruch, som verkar veldig sympatisk, og som får veldig mykje skryt frå andre. Det vert ikkje nemnt med eit ord at han vart dømt for å ha medverka til drapet på Euronymous. På same måte vert det sagt at, på oppmoding frå familien til Euronymous, all bass som Greven hadde spela inn til De Mysteriis ... vart spela inn på nytt av Necrobutcher. Viss eg hugsar rett frå ting eg har lese andre stader, vart det aldri gjort (sjølv om familien trudde det).

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar