14. januar 2020

Flannery O'Connor: Everything That Rises Must Converge (1965)

Flannery O'Connor gav ut to samlingar noveller. Dette er den andre, og boka kom ut året etter at ho døydde. I eit føreord skriv Robert Giroux at ho arbeidde med novellene heilt til det siste. Under ein månad før ho døydde hadde dei kontakt om ei av novellene hennar.

Det er ei svært, svært solid samling noveller. Dei er ikkje like lystige som novellene i den fyrste samlinga hennar, A Good Man Is Hard to Find, men her er framleis mykje å smila av. Om komikken er tona noko ned er det religiøse meir til stades, både tema i og namn på novellene vitnar om det - smak til dømes på titlane "Revelation" eller "Judgement Day".

Hovudpersonane er oftast vaksne kvinner, og det er ikkje uvanleg at dei har store fordommar. Dei ser ned på naboar, dei ser ned på familiemedlemmar, dei ser ned på dei som arbeider for seg. Handlinga skjer oftast på landsbygda i dei amerikanske sørstatane, unntaket er "Judgement Day". Der er ein eldre mann på besøk hjå dottera i New York, og alt han kan tenkja på er å koma seg attende til Georgia, der han vil døy og gravleggjast.

Det er stas å lesa desse novellene, men det er òg trist. For eit tap det var at O'Connor berre vart 39 år gamal.

Guffen tilrår.

Meir O'Connor på guffekulturbloggen
Wise Blood (1952)
A Good Man is Hard to Find (1955)
The Violent Bear It Away (1960)
Mystery and Manners (1972)
Wise Blood (film, 1979)
Rosemary Magee (red.): Conversations with Flannery O'Connor (1987)
Brad Gooch: Flannery (biografi, 2009)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar