4. januar 2020

Curb Your Enthusiasm, sesong 9 (2017)

Dette vart eit slags gjensyn med denne serien. Det er nokre år sidan eg såg dei fyrste åtte sesongane, og denne sesongen er alt eit par år gamal. Det var eit godt gjensyn, og eg tenkte fleire gonger at eg ikkje skulle hatt noko problem med å sjå dei åtte fyrste sesongane på nytt.

Det er som før: Larry David spelar seg sjølv, og gjer sitt beste for å koma opp i ubehagelege situasjonar. Han seier det han tenkjer, og bryr seg lite om at dei rundt han bed han tona det ned eller skifta tema heilt. At han har så pass godt forhold til nokre av dei rundt seg er eigentleg uforståeleg.

Han bur åleine, og leiger ut eit hus i hagen til Leon. Dei to er på god fot heile tida, men det er omtrent dei einaste. Me møter òg jamleg manageren til David, og kona hans (som er den David kranglar mest med). Me møter ekskona til David, som er saman med Ted Danson, ein av dei beste venene til David. Me møter ein del andre, mellom anna ei kvinne som er kjærasten hans i nokre episodar.

Den gjennomgåande historia handlar om musikalen Fatwa, som David skal skriva. Etter at han har vore gjest på eit talkshow vert det lyst ut ein fatwa på David, som gjer at han i nokre episodar går med ei fabelaktig forkledning. Det sluttar han med etter at han møter Salman Rushdie forklarar han at fatwaen er reine damemagneten. Fatwaen vert avblåst, men det vert likevel ikkje noko av musikalen, etter eit hendeleg uhell på ein paintball-bane.

Det er mykje humring og litt latter. Det meste vert framleis improvisert, og det meste er framleis meisterleg oppbygd.

Guffen tilrår.

Meir Curb Your Enthusiasm på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2000)
Sesong 2 (2001)
Sesong 3 (2002)
Sesong 4 (2004)
Sesong 5 (2005)
Sesong 6 (2007)
Sesong 7 (2009)
Sesong 8 (2011)
Sesong 10 (2020)
Sesong 11 (2021)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar