26. januar 2020

A Hidden Life (2019)

I ein liten landsby høgt oppe i den austerrikske fjellheimen bur Franz Jägerstätter. Han er patriot, men er samstundes overtydd pasifist. Han vert kalla inn til militærteneste seint i 1930-åra, og drøftar alt då ståstaden sin. Etter at krigen bryt ut vert dei fleste austerrikske menn kalla til teneste for det tyske forsvaret. Jägerstätter er bonde, og får difor utsetjing, men i 1943 vert han kalla inn. Han nektar å avleggja eid til føraren, og vert sett i fengsel. Både venar og prestar prøver å få han til å skifta meining. Han nektar, sjølv om han veit at han kjem til å verta avretta.

Historia om Jägerstätter er sann. Malick har basert filmen på ei samling brev Jägerstätter skreiv medan han sat fanga, og ut frå det eg les meg til på nettet ser det ut til at han berre har gjort ei stor endring: Han har tona ned at det kristne livssynet til Jägerstätter var ein av grunnane til at han ikkje ville bera våpen.

Filmen er framifrå. Det går i eit roleg tempo, der kontrasten mellom den usannsynleg vakre fjellandsbyen og måten familien hans vert handsama er dominerande. Kameraet vert oftast sendt tett på dei som snakkar, men det er ikkje den einaste måten me kjem innpå dei. Det rolege tempoet gjev oss òg tid til å tenkja over valet til Jägerstätter. Han får fleire gonger spørsmål om kva som er vitsen. Fleire seier til han at det ikkje vert nokon annan konsekvens enn at han misser livet, og at kona og dei tre borna må leva livet utan han. Han svarar normalt ingenting, men han tenkjer truleg det same som oss andre: Sjølvsagt kan enkeltpersonar endra verda.

Guffen tilrår.

Meir Malick på kulturguffebloggen
Badlands (1973)
Thin Red Line (1998)
The Tree of Life (2011)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar