20. januar 2020

Ivar Aasen: Ervingen (1855)

Det er velkjent at Ivar Aasen var glad i teater. Han budde i Kristiania i bortimot femti år, og var støtt og stadig på teater. Han var spesielt glad i lette syngjespel, og i fylgje dagboka hans såg han berre to stykke av Ibsen.

Aasen var oppteken av å ta landsmålet i bruk på så mange område som råd, og slik sett var det ikkje rart at han skreiv dette skodespelet. Det kom relativt tidleg i forfattarskapen hans. Det var det fyrste verkeleg skodespelet på landsmål - året før vart I marknaden, også skrive av Aasen, framført på Det Norske Theater. Det er altså eit viktig verk. Kvaliteten er diverre ikkje like høg.

Me er ute på landsbygda. Hermann Sauenbach har eit fint namn, men garden hans er ikkje like framståande. Trond på Bøen siklar etter Inga, dotter til Sauenbach, men ho er ikkje interessert i han - ho har meir sans for Åmund, ein heimkomen son som har odel på garden Sauenbach driv. Me anar altså konturane av eit trekantdrama, men det vert aldri spesielt dramatisk. Åmund og Inga finn kvarandre, faren gjev samtykke til at dei kan gifta seg, og alt er berre velstand.

Med betre replikkar og færre monologar, med nokre meir fart i handlinga, gjerne med nokre uventa vendingar og hendingar, kunne dette vorte langt betre. No er det altså sånn middels. Ein kan godt dra parallellar til arbeidet til Aasen - i stykket er det ein ung mann som kjem på plass att; i arbeidet til Aasen er det eit nytt språk som kjem på plass i landet sitt.

Guffen er lunken.

Meir Ivar Aasen på kulturguffebloggen
Garborg, Hovden, Koht: Ivar Aasen. Granskaren, maalreisaren, diktaren (1913)
Handagard: Ivar Aasen (1956)
Kjell Venås: Ivar Aasen og Universitetet (2000)
"Kven skal læra han Ivar å lesa?" (10.12.2011)
Ottar Grepstad: Historia om Ivar Aasen (2013)
Symra (2013)
Ottar Grepstad: Aasen-bibliografien (2018)
Ottar Grepstad: Den bortkomne Aasen-visa (2023)

2 kommentarer:

  1. Vil du tilrå denne boka for sjuandeklassingar?

    SvarSlett
  2. Eg er ikkje så godt kjend med Aasen sin forfattarskap, men likar som dei fleste andre best å uttala meg om ting eg ikkje veit så mykje om. I det store og det heile har me mykje å takka Aasen for, men forfattarskapen er ikkje ein av dei. Signe er òg lunken.

    SvarSlett