Kor mykje er ein mann viljug til å gjera for at familien hans skal ha det godt? Hovudpersonen i denne filmen, Dan Evans, risikerer alt, og kjem frå det med helsa intakt.
Evans driv ein farm i Arizona, men langvarig turke har gjort at han slit med å få hjula til å gå rundt. Han vert tilfeldigvis vitne til at ein diligence vert rana. Leiaren for bandittane vert fanga, og då den lokale sheriffen dagen etterpå treng to friviljuge til ein dekkoperasjon, melder Evans seg. Honoraret for denne operasjonen er, snedig nok, akkurat det han treng for å kjøpa vassrettar det neste halve året.
Planen verkar berre sånn nokolunde. Planen er å senda banditten med tog til Yuma, men medan dei ventar på toget på eit hotellrom vert dei oppdaga, slik at heile banden kjem til byen. På hotellrommet prøver bandittsjefen å overtala Evans til å sleppa han fri - han skal få langt betre betalt viss han gjer det. Evans ser ut til å vurdera det, og spesielt etter at medhjelparane hans trekkjer seg unna. Til slutt er han heilt åleine mot seks-sju bandittar.
Det heile er sånn midt på treet. Det er ikkje spesielt fengande, og det heile går altfor seint. Det vert ikkje bygt opp nok spaning. Skodespelet er heilt på det jamne. Og det er for mange scenar der folk rir på hestar.
Guffen er lunken.
Relatert på kulturguffebloggen
3:10 to Yuma (2007)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Hehe tror jeg skal styre unna denne:) Men takk for fin anmeldelse:) Ha en herlig søndag!:)
SvarSlett