Viser innlegg med etiketten Jonsson. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Jonsson. Vis alle innlegg

13. mars 2022

Pedro Carmona-Alvarez leser Tor Jonsson (2021)

 

Nasjonalbiblioteket hadde (har?) ei fin foredragsrekkje for nokre år sidan, "Fortidens folkelesning": Her vart forfattarar inviterte til å halda foredrag om ein kjend og omtykt forfattar frå tidlegare tider. For mange var det nok slik at dei måtte setja seg inn i ein ukjend forfattarskap - i alle fall var det slik for Pedro Carmona-Alvarez. For han var bøkene til Jonsson ukjende, og i denne boka fortel han om korleis han las bøker av Jonsson og bøker om Jonsson.

Han opna med Dikt i samling, og var ikkje spesielt imponert over det han fann. Dikta var stive, fulle av klisjear, dei same orda gjekk att heile tida, og det heile var rimeleg tungt. Men det endrar seg. Han finn dikt han likar, nokre likar han svært godt, og boka/foredraget sluttar med at han finn eit "nydelig" dikt.

At inntrykket endrar seg så stort kjem delvis av at han les fleire dikt av Jonsson, men det verkar òg som om det kjem av at han gjer seg kjend med livssoga til Jonsson. Ein stad skriv Carmona-Alvarez at han er interessert av sjølvmord, at han set mange kunstnarar som har teke livet sitt høgt, og at han kanskje er ein av dei som etter eit sjølvmord les biografiar baklengs? 

Det går rimeleg fort å lesa denne boka, og det var ei fin stund. Carmona-Alvarez kjem med nok tankar og vinklingar til at Jonsson kan lesast med litt nye briller.

Guffen tilrår. 

Meir Jonsson på kulturguffebloggen
Sparre Olsen: Tor Jonsson-minne (1968)
Inger Heiberg: Drøm mot virkelighet. En bok om Tor Jonsson (1984)

Ingar Sletten Kolloen: Berre kjærleik og død. Ein biografi om Tor Jonsson (1999)
Teigen og Ottesen (red.): Meg kan ingen grava ned. Artiklar om Tor Jonsson (2017)

Meir Carmona-Alvarez på kulturguffebloggen
Og været skiftet og det ble sommer og så videre (2012)
Bergen Ungdomsteater (2016)

30. desember 2018

Inger Heiberg: Drøm mot virkelighet. En bok om Tor Jonsson (1984)

Hadde denne boka vorte skriven 15-20 år seinare, ville ho truleg fått ei anna form. Etter at Samlaget i 1999 gav ut ein biografi om Tor Jonsson, skriven av Ingar Sletten Kolloen, auka interessa for livet og diktinga til Jonsson. Kolloen-biografien er ei god og grundig bok, slik at andre som ville skriva om Jonsson måtte strekt seg høgare. Jamført med Kolloen-biografien er ikkje denne boka altfor imponerande.

Heiberg vaks opp i Lom, far hennar var prest i bygda. Ho var to år yngre enn Jonsson, og kjende til han frå oppveksten. Ho går kronologisk gjennom livet hans, og går grundig gjennom dei publiserte bøkene hans. Ho har hatt tilgang til ei rekkje kjelder, og bruker til dømes mange utdrag frå brev og konsulentfråsegner.

Det er likevel noko halvgjort over boka. Kanskje det er av di ho vil halda seg på avstand frå han ho skriv om, men me kjem ikkje tett nok på Jonsson. Ho går tettare på diktinga hans, men her vert det nesten for mykje. Det vert vanskeleg å fyglja ho, vanskeleg å sjå kva ho vil med dei lange og detaljerte gjennomgangane. Boka kunne altså trengt ei strammare redigering.

Guffen er lunken.

Relatert på kulturguffebloggen
Sparre Olsen: Tor Jonsson-minne (1968)
Ingar Sletten Kolloen: Berre kjærleik og død. Ein biografi om Tor Jonsson (1999)
Teigen og Ottesen (red.): Meg kan ingen grava ned. Artiklar om Tor Jonsson (2017)
Pedro Carmona-Alvarez leser Tor Jonsson (2021)

16. august 2017

Håvard Teigen og Svein Joh. Ottesen (red.): Meg kan ingen grava ned. Artiklar om Tor Jonsson (2017)

I fjor, hundre år etter at Tor Jonsson vart fødd, kom det ei bok med prosatekstane Jonsson skreiv. Denne boka kjem på same forlaget, og er ei rekkje artiklar om Tor Jonsson. Om lag ein tredel av artiklane har stått på trykk andre stader før, og dei fleste av dei andre har vore framførte som foredrag under Diktardagane i Lom, Skjåk og Vågå.

Her er mykje godt i denne boka, men det er òg ting som er mindre godt. Det siste fyrst - boka burde vore betre redigert. At her er skrivefeil er greitt nok. Det er litt mindre greitt at ein av redaktørane i ein innleiande artikkel omtalar June Røys Hauge som "Røys Grande". Og det er endå litt mindre greitt at det er så enormt med repetisjonar frå artikkel til artikkel. Det er kanskje vanskeleg å unngå det i ei artikkelsamling som dette, der dei fleste baserer seg på det som finst av skriftlege kjelder, men likevel. Er det tre eller fire som nemner tekstsamlinga Nesler, før dei kommenterer at dialektforma ville vore "brennheto"? Det tippar eg alle har henta frå ein artikkel Reidar Djupedal skreiv i 1986.

Den artikkelen kjem i den siste delen av boka, der dei eldre artiklane er samla. I Aasen-biografien sin frå 1996 skreiv Stephen Walton om Djupedal at "meir enn nokon annan peika han på spor det gjev meining i å følgja". Noko liknande kunne vore sagt om artikkelen hans her. Artikkelen handlar i stor grad om boka Inger Heiberg gav ut om Jonsson i 1984. Boka får ikkje vidare god omtale av Djupedal. Artikkelen sluttar med nokre voner frå hans side, der han mellom anna treng ei bok der Jonsson verkeleg vert synleg. Deretter kan ein ta til med artiklar der ein vurderer diktinga hans.

Den boka kom i 1999, biografien til Sletten Kolloen, og det er òg ei bok det vert referert mykje til, sjølvsagt. Fleire skriv om omgrepet "bygdedyret", som nokre meiner at Sletten Kolloen gjorde for stort nummer av. Sjølv brukte Jonsson det ordet berre éin gong.

Så det er ei variert bok. Av dei nyskrivne likte eg best artiklane til Aslaug Nyrnes og June Røys Hauge, medan den nemnde artikkelen til Djupedal og artikkelen til Paul Breiehagen er dei beste av dei eldre.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Sparre Olsen: Tor Jonsson-minne (1968)
Inger Heiberg: Drøm mot virkelighet. En bok om Tor Jonsson (1984)

Ingar Sletten Kolloen: Berre kjærleik og død. Ein biografi om Tor Jonsson (1999)
Pedro Carmona-Alvarez leser Tor Jonsson (2021)

23. juni 2016

Ingar Sletten Kolloen: Berre kjærleik og død. Ein biografi om Tor Jonsson (1999)

I år er det 100 år sidan diktaren Tor Jonsson vart fødd. Eg las denne biografien for mange år sidan, men fekk lyst til å lesa han om att no. Eg hugsa det som ei god bok, og det inntrykket står seg, sjølv om det vert litt omstendeleg til tider.

Jonsson vaks opp i Lom. Han vart relativt tidleg farlaus, og det var lite av økonomisk velstand i oppveksten. Jonsson var skuleflink, skreiv litt for aviser og blad, og debuterte som lyrikar i 1943. Han levde eit liv på farten, han arbeidde for aviser på Otta og på Ål, der han var redaktør i Hallingdølen i nokre månader, men han kom heile tida tilbake til Lom, der mora lenge låg sjuk. Etter at ho døydde i 1950 flytta Jonsson til Oslo, der han tok livet sitt i 1951.

Då hadde han omsider kome på god økonomisk fot. Bøkene hans selde godt, og han fekk fleire prisar og stipend. Likevel sleit han med tankar som hadde prega han heile livet, og som han ofte skreiv om: Det tok lang tid før han fekk seg kjærast, og han sleit med å halda fast ved ho. Tungsinnet hans var eit gjennomgåande tema, og dei siste månadene han levde var han urovekkande open om eigne sjølvmordsplanar. Bygdefolket si manglande evne til å inkludera dei som fall litt utanfor var òg eit tema han ofte kom tilbake til, kanskje spesielt i dei mange artiklane han skreiv.

Kolloen skriv godt om dette vanskelege livet. Han har snakka med ei rekkje folk som kjende Jonsson, gått langt inn i skriftlege kjelder, og har samla inn mykje stoff. Av og til vert det litt for mykje, og poenget med at Jonsson skriv mykje om bygdementalitet kjem til dømes svært ofte fram.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Sparre Olsen: Tor Jonsson-minne (1968)
Inger Heiberg: Drøm mot virkelighet. En bok om Tor Jonsson (1984)

Teigen og Ottesen (red.): Meg kan ingen grava ned. Artiklar om Tor Jonsson (2017)
Pedro Carmona-Alvarez leser Tor Jonsson (2021)

3. august 2010

Sparre Olsen: Tor Jonsson-minne (1968)

I 1999 gav Ingar Sletten Kolloen ut ein fin biografi om diktaren Tor Jonsson (1916-1951). Boka er grundig og god, og vil verta ståande, som det heiter. Eitt av hovudinntrykka eg sat att med etter å ha lese den boka var at Jonsson hadde det tøft. Han sleit på fleire område.

Hadde denne boka koma ut etter Kolloen-biografien, kunne det vore nærliggjande å kalla dette eit svar. Komponisten Sparre Olsen hadde nær omgang med Jonsson, og i boka fortel han om møte og samvere med Jonsson, og tek med mange kort og brev Jonsson sende han. Her er Jonsson lystig, i godt humør, og skriv brev der det støtt kjem humoristiske vendingar. "Eg skulle saga ved i dag, men så var eg så heldig at saga sund saga og da fann eg på å skrive nokre ord i staden." Boka inneheld òg dikt som ikkje var med i dei samlingane Jonsson gav ut, og her er fleire foto og teikningar.

Det er ei kort og lett bok, som fyrst og fremst er ei minnesamling. Det handlar om mennesket Jonsson; mindre om diktaren og dikta. Eg likte boka, og vart ørlite nostalgisk. Det er jo heilt utenkjeleg at norske forlag ville gitt ut liknande småskrifter i dag.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Inger Heiberg: Drøm mot virkelighet. En bok om Tor Jonsson (1984)
Ingar Sletten Kolloen: Berre kjærleik og død. Ein biografi om Tor Jonsson (1999)
Teigen og Ottesen (red.): Meg kan ingen grava ned. Artiklar om Tor Jonsson (2017)
Pedro Carmona-Alvarez leser Tor Jonsson (2021)