16. august 2017

Håvard Teigen og Svein Joh. Ottesen (red.): Meg kan ingen grava ned. Artiklar om Tor Jonsson (2017)

I fjor, hundre år etter at Tor Jonsson vart fødd, kom det ei bok med prosatekstane Jonsson skreiv. Denne boka kjem på same forlaget, og er ei rekkje artiklar om Tor Jonsson. Om lag ein tredel av artiklane har stått på trykk andre stader før, og dei fleste av dei andre har vore framførte som foredrag under Diktardagane i Lom, Skjåk og Vågå.

Her er mykje godt i denne boka, men det er òg ting som er mindre godt. Det siste fyrst - boka burde vore betre redigert. At her er skrivefeil er greitt nok. Det er litt mindre greitt at ein av redaktørane i ein innleiande artikkel omtalar June Røys Hauge som "Røys Grande". Og det er endå litt mindre greitt at det er så enormt med repetisjonar frå artikkel til artikkel. Det er kanskje vanskeleg å unngå det i ei artikkelsamling som dette, der dei fleste baserer seg på det som finst av skriftlege kjelder, men likevel. Er det tre eller fire som nemner tekstsamlinga Nesler, før dei kommenterer at dialektforma ville vore "brennheto"? Det tippar eg alle har henta frå ein artikkel Reidar Djupedal skreiv i 1986.

Den artikkelen kjem i den siste delen av boka, der dei eldre artiklane er samla. I Aasen-biografien sin frå 1996 skreiv Stephen Walton om Djupedal at "meir enn nokon annan peika han på spor det gjev meining i å følgja". Noko liknande kunne vore sagt om artikkelen hans her. Artikkelen handlar i stor grad om boka Inger Heiberg gav ut om Jonsson i 1984. Boka får ikkje vidare god omtale av Djupedal. Artikkelen sluttar med nokre voner frå hans side, der han mellom anna treng ei bok der Jonsson verkeleg vert synleg. Deretter kan ein ta til med artiklar der ein vurderer diktinga hans.

Den boka kom i 1999, biografien til Sletten Kolloen, og det er òg ei bok det vert referert mykje til, sjølvsagt. Fleire skriv om omgrepet "bygdedyret", som nokre meiner at Sletten Kolloen gjorde for stort nummer av. Sjølv brukte Jonsson det ordet berre éin gong.

Så det er ei variert bok. Av dei nyskrivne likte eg best artiklane til Aslaug Nyrnes og June Røys Hauge, medan den nemnde artikkelen til Djupedal og artikkelen til Paul Breiehagen er dei beste av dei eldre.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Sparre Olsen: Tor Jonsson-minne (1968)
Inger Heiberg: Drøm mot virkelighet. En bok om Tor Jonsson (1984)

Ingar Sletten Kolloen: Berre kjærleik og død. Ein biografi om Tor Jonsson (1999)
Pedro Carmona-Alvarez leser Tor Jonsson (2021)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar