Alle meiner visst noko om norsk landbrukspolitikk. Bøndene får skulda for det meste, som til dømes altfor høge matprisar, sjølv om ein skal ha rimeleg store bind for augene for å tru på slike påstandar. Denne boka forklarar kva som er gale med mykje av det som vert sagt om landbruket i Noreg. Dei to forfattarane tek eit oppgjer med det dei omtalar som ni mytar og ei løgn om norsk landbrukspolitikk.
Mytene fortel at norske bønder har sugerøyr ned i statskassa. Bøndene har skulda for dei høge matprisane. Få og store bruk er betre enn mange små. Ei liberalisering av marknaden gjev oss betre mat og større mangfald. Me vert stadig meir sjølvforsynte med mat. Me er ein nasjon av kjøtthuer. Det finst ikkje nok mat. Norske bønder har skulda for at liv går tapt i Afrika. Landbrukspolitikken vår er utforma for å motverka tunge trendar. Og løgna er at det ikkje finst noko alternativ.
Kvart kapittel tek utgangspunkt i påstandar, ofte framsett av politikarar (på høgresida). Så viser forfattarane kvifor dei som har sett fram påstandane er heilt på viddene, og underbyggjer det dei skriv med gode kjelder og mange tabellar. Her er mykje skremmande - me et til dømes meir og meir kjøt, og den største auken gjeld fjørfe, der me et ekstremt mykje meir enn for nokre tiår sidan.
Det er ei faktaorientert bok, og ein kan ikkje venta at tekstane i slike bøker sprudlar av skriveglede og overskot. Likevel - boka hadde vore meir lesverdig dersom det hadde vore litt meir liv i skrivinga.
Guffen er lunken.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar