17. november 2025

Trygve Bratteli: Fange i natt og tåke (1980)

Eg trur dette var den fyrste norske boka eg hugsar at vart omtalt som ein bestseljar - det vart selt bortimot 200 000 eksemplar av boka. For åtte år sidan kåra den faglitterære forfattarforeininga boka til den beste biografiske/sjølvbiografiske som er gjeven ut i Noreg. At boka selde mykje er forståeleg - Bratteli hadde nyleg vore ein rimeleg populær statsminister, og det var berre tjuefem år sidan den andre verdskrigen var over. At NFFO rangerte boka så høgt er derimot vanskeleg å skjøna.

Boka er ikkje nokon full sjølvbiografi. Bratteli skriv om dei tre åra frå juni 1942 til mai 1945. I juni 1942 vart han arrestert i Kristiansund, der han arbeidde som snikkar; i mai 1945 kom han attende til Noreg etter å ha vore fengsla i tre år. Dei to siste åra sat han i fleire tyske konsentrasjonsleirar, og det er dei skildringane som dekkjer det meste av boka.

Det er grusomme skildringar, sjølvsagt. Han skriv om korleis det tek forbausande kort tid før han (og dei andre fangane) vert vane med å sjå medfangar verta banka eller drepne. Han skriv om matmangel, og om dei mange samtalane om kva som skulle vera det fyrste måltidet dei åt etter freden. Han skriv om sjukdom. Han skriv om vener som døyr. Han skriv om valdelege tyskarar; han skriv om godhjerta tyskarar.

Og desse skildringane er viktige. Men samstundes er dei skrivne på ein rettfram og enkel måte. Det kan vera eit medvite verkemiddel; det kan vera at han vil ha fram kontrasten mellom det enkle språket og den ekstreme valden, men likevel: Det vert ei bok heilt på det jamne.

Guffen er lunken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar