29. januar 2025

American Primeval (2025)

Me er langt vest i den ville vesten, altså ein stad der det meste er rimeleg vilt, mot slutten av 1850-åra. Me møter fleire personar og grupper:

* Mormonarane i området vil at alle andre skal vekk, slik at dei kan halda på med mormon-ting utan å verta forstyrra.
* Shoshonane, som har budd i området lenge, likar dårleg at fleire har flytta inn.
* Jim Bridger eig og driv eit fort.
* Sara Holloway reiser vestover saman med sonen Devin, og seier at dei skal finna ektemannen/faren som er i Crooks Springs, på den andre sida av gjellet.

Så smell det. Det fyrste dramatiske som skjer er vel at mormonarane kler seg ut som indianarar og massakrerer ei gruppe pionerar, sjølv om fleire av desse er mormonar. Dei trur at alle er døde, men to overlever. Jacob Pratt vert skalpert, men står det over. Kona hans, Abish, greier å rømma og vert teken til fange av paiutane. Mormonarane skjønar at dei har latt to augevitne overleva massakren og prøver å drepa dei på diskret vis. I mellomtida har det kome fram at Sara Holloway faktisk er etterlyst. Dusøren er stor, så mange prøver å fanga ho. Ho får hjelp av supermannen Isaac Reed, som noko motviljug tek på seg å føra Sara og sonen til Crooks Springs.

Noko ordnar seg i løpet av serien, men ikkje alt. Det er ein hard serie, med mykje vald og slikt. Fargepaletten strekar under at dette var harde tider, det går mykje i brunt, grått og gult. Eg synest det meste fungerer bra, og med seks episodar har serien ei heilt høveleg lengd for historia som vert fortalt.

Guffen tilrår.

27. januar 2025

Awakenings (1990)

Nokre filmar vert gradvis meir irriterande. Ikkje nødvendigvis av di dei er så dårlege eller av di alt er feil, men meir av di det verkar som dei er laga etter ein formel. Desinged to please og alt det der. 

Denne filmen handlar om nevrologen Malcolm Sayer. Han vert tilsett på sjukehus der mange av pasientane er heilt i si eiga verd. Refleksane fungerer, men det er omtrent alt. Sayer prøver ein medisin som fungerer mot Parkinsons, og til alle si store undring fungerer det her òg. Pasientane vaknar, og sjølv om dei treng meir medisin for å halda seg vakne, fungerer det greitt ei stund. 

Parallelt med dette vaknar òg Sayer. Han er sjenert og inneslutta, og vil ikkje ha noko med ei av sjukepleiarane å gjera, same kor mykje ho byr seg fram. Men mot slutten ombestemmer han seg.

Det er godt skodespel, men historia vert så opplagt at det vert for keisamt.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

21. januar 2025

Lol Tolhurst: Cured (2016)

Eg las nett ei bok Lol Tolhurst hadde skrive om goth. Den var (overraskande) bra, og i den boka refererte han nokre gonger til denne. Eg tenkte at det kunne jo vera ei grei bok å gå vidare med, men eg tok nok litt feil. Denne boka er ikkje like god. Den viktigaste grunnen er nok at goth-boka var meir analytisk og tolkande, medan denne er meir refererande. 

Tolhurst var med i The Cure frå skipinga i 1976 til han fekk sparken i 1989. Han og leiaren i gruppa, Robert Smith, var barndomsvener, så sjølve sparkinga må ha vore tung. Men Tolhurst sjølv ser at det ikkje var nokon veg utanom - alkoholinntaket hadde vore så høgt over så lang tid at han ikkje bidrog meir til bandet. Etter nokre år vart han endeleg av-rusa. Han flytta til California, og såg lysare på livet der. I 2011 spelte han igjen nokre konsertar med The Cure, utan at nokon gong var aktuell som fullverdig medlem. 

Boka handlar i hovudsak om tida fram til 1989. Ho vert gradvis mindre interessant. Etter at bandet vert skipa handlar vel kvart kapittel om eit nytt album - songane vert skrivne, dei øver litt, dei spelar inn plata, dei reiser på turné. Der er ein del møte med andre musikantar, han fortel ein del historier som ikkje er gode bok, han fortel om aukande bruk av rusmiddel, osb. Alt dette høyrer kanskje med, men det må litt meir til. 

Guffen er lunken. 

Meir Tolhurst på kulturguffebloggen
Goth. A History (2023)

20. januar 2025

Jason Van Tatenhove: The Perils of Extremism (2023)

Det er tilfeldig, men det passar jo bra å skriva litt om denne boka i dag. Eg har nett sett inngangen til fire knallharde år, eg har nett sett at Donald Trump går inn i ein ny presidentperiode, og eg er ikkje så veldig lett til sinns. Denne boka er skriven av ein som gjekk inn i og ut av The Oath Keepers, ein av organisasjonane som var godt representert då Trumpianarar storma kongressen for fire år sidan.

Kvifor er boka skriven? Van Tatenhove skriv at det er for å gjera folk merksame på kva organisasjonen står for, og for å åtvara andre mot å gå inn der. Det kan godt vera at det stemmer, men det er òg greitt å fundera på andre grunnar. Gjennom heile boka skriv han at han aldri var heilt samd i det Oath Keepers stod for, og at han gjorde dette av di han fekk betalt for det. Det kan godt vera at det er noko han skriv i ettertid, for å prøva å unngå ei potensiell straff.  

Van Tatenhove vart etter kvart pressekontakt for organisasjonen. Han var med under fleire store aksjonar, og hadde nær kontakt med Stewart Rhodes, leiaren for Oath Keepers. Ei stund budde til og med Rhodes hjå Van Tatenhove. Han hadde ein avtale om at arbeidet han gjorde skulle vera anonymt, slik at han ikkje kom til å få sparken frå jobben i det offentlege. Oath Keepers gjorde namnet hans kjend, han fekk sparken frå den faste jobben, og Rhodes tilbaud han fast jobb i Oath Keepers. Han var altså fullt klar over at dette var kontroversielt, men gjekk likevel inn i det med opne auge. Han trekte seg ut før 6. januar, etter at han merka at fleire i Oath Keepers var så langt inne i konspi-verda at dei nekta for at Holocaust hadde funne stad.

Boka er ikkje spesielt velskriven, og ho fortel vel heller ikkje altfor mange av dei indre løyndomane til Oath Keepers. Det er likevel interessant, kanskje spesielt når det står om kven som soknar til organisasjonen. Det er enkle sjeler, dei er ikkje altfor reflekterte, mange har rusproblem, alle er (veldig) glade i våpen, alle likar å kle seg som om dei er i militæret, alle hatar staten, osb. 

Guffen tilrår. 

Familien Nerdrum (2024)

Denne serien handlar om kunstnaren Odd Nerdrum og alle rundt han. Han, kona og dei fire ungane deira bur på ein gard ved Stavern, der dei òg gjev husrom til elevane til Nerdrum. Elevane kjem frå heile verda, og bur der nokre månader. 

Den raude tråden er arbeidet for å få til eit Nerdrum-museum i Stavern. Men der er ei rekkje andre trådar. Nokre er interessante, andre irriterer meir. Det er ikkje måte på kor mykje det skal klagast over staten og samfunnet. Det kan gjerne klagast, sjølvsagt, men her handlar det stort sett om éin ting: Dei meiner at det norske samfunnet ikkje likar dei, dei meiner at det norske samfunnet ikkje set kunstnaren Odd Nerdrum godt nok, og dei meiner at det er ei stor skam at staten kan byggja eit museum over Edvard Munch, medan familien sjølv må opna eit museum over Nerdrum. Søknadsskjemaa for tilskot er altfor omfattande, seier dei, og då verkar det nesten som om dei meiner at namnet Nerdrum skal vera nok til å automatisk senda dei fremst i køen. Dei burde kanskje ha litt meir sjølvinnsikt.

Det er meir interessant når Nerdrum, eller kona Turid, eller sonen Øde, snakkar om livet og om kunsten. Dei tre er dei suverent mest interessante. Dei søkjer heile tida etter dei klassiske, det tidlause, og dei søkjer heile tida etter å skapa god kunst. Det er òg fascinerandre å sjå korleis elevane til Nerdrum ser opp til han. Dei har sjølvsagt kome til Stavern av di dei set han høgt, men likevel: Det minner mest om ein religiøs leiar som snakkar til læresveinane sine.

Guffen tilrår.

19. januar 2025

Det beste jeg har skrevet (1949)

Aschehoug inviterte norske skjønnlitterære forfattarar, også frå andre forlag, til å velja ut den beste teksten dei hadde skrive. Nokre takka nei, andre svara ikkje, slik at dei sat att med bidrag frå 33 forfattarar. Ideen er god, og eg hadde ikkje hatt noko problem med at nokon gjorde noko liknande i dag. Den store skilnaden ville vore at ein kunne fått 33 gode og interessante forfattarar til å skriva. Med atterhald om at eg ikkje veit kven som takka nei: Her er mykje rart i denne samlinga.

Nokre tekstar er sjølvsagt gode, og her er fleire forfattarar eg set høgt, som t.d. ekteparet Vesaas eller Magnhild Haalke. Men det er mange tekstar som er seige å koma gjennom. Ei slik bok burde vera eit tidsbilete, ei bok folk kan plukka opp etter 50 eller 75 eller 100 år, og tenkja at slik var tilstanden i norsk litteratur i 1949. Og viss det stemmer, var det altså ikkje nokon gullalder.

Kvar tekst vert introdusert av forfattaren. Her er det mykje repetisjonar, fleire skriv om at det er vanskeleg å velja sjølv eller at dei kanskje ville valt noko heilt anna viss dei skulle gjera dette neste dag eller neste veke. Desse introduksjonane er altså heller ikkje så mykje å skryta av.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

18. januar 2025

A-laget, sesong 1 (2024)

Eg kallar dette sesong 1. Eg har ikkje sett noko om at det kjem ein sesong til, men det må vera rimeleg opplagt. Eg har ikkje sett liknande program på fjernsyn nokon gong, men eg er samd med dei aller fleste andre: Dette er glimrande greier.

Rundt tretti personar med ulike diagnosar intervjuar ein kjent person. Det er alt. Det verkar så enkelt, og det er kanskje det som gjer at dette er så ekte og menneskeleg. Dei stiller spørsmål om kva som helst, også djupt personlege spørsmål, og det verkar som om dei som vert intervjua set pris på dette. Dei snakkar òg fritt og ope. Her er mykje kjensler, både på fjernsyn og i sofaen, og noko av det som gjer mest inntrykk er korleis intervjuarane reagerer på det som vert sagt. Dei kan le og vitsa, men dei merkar med ein gong at no vart intervjuobjektet rørt eller seriøs, og då vert dei òg alvorlege.

Det er fire episodar i denne sesongen. To av dei, episodane med Jonas Gahr Støre og Fredrik Solvang, er dei klart beste. Episoden med Herman Flesvig er fin, men ikkje på det same nivået, medan episoden med Else Kåss Furuseth er den veikaste av desse. Jamt over er likevel nivået svært høgt, og eg vonar altså på fleire slike intervju.

Guffen tilrår. 

14. januar 2025

Marilynne Robinson: Housekeeping (1980)

For ei flott bok. Dei fyrste kapittela er på det jamne, men Robinson bruker dei til å få på plass grunnlaget for forteljinga ho eigentleg vil få fram: Forteljinga om korleis Ruth veks til.

Mora til Ruth og systera Lucille tek livet sitt. Bestemora deira tek seg av ho, men ho vert drepen i ei togulukke. Dei to svigersystrene til bestemora flyttar inn for å ta seg av dei to jentene, og det går ikkje så bra. Så tek det heile seg opp: Den litt meir fritenkjande tanta deira, Sylvie, dukkar opp. Ho var syster til mora og den i slekta dei to jentene visste minst om. Ruth og Lucille får det svært fritt ei tid, dei skulkar skulen og får støtte hjå Sylvie. Heilt til det kjem til eit brot mellom Ruth og Lucille. Lucille flyttar ut; Ruth er lojal mot Sylvie.

Det er gripande, det er alvorleg, det er komisk - her er omtrent alt me kan forlanga av ein roman. Det er finfine dialogar, flotte skildringar av folk og natur, og det kjem fleire overraskingar. Måten Ruth endrar seg på er flott skildra, der ho gradvis ser Sylvie som eit ideal og vert meir og meir som ho. Handlinga er lagt til ein fiktiv småby i Idaho, forresten, men eg tok meg sjølv i å heile tida tenkja at dette var i Canada. Eg trur den viktigaste grunnen er at mykje minte meg om bøkene til Alice Munro, og det er jo vanskeleg å dela ut meir rosande ord enn det.

Guffen tilrår.

12. januar 2025

Dag Herbjørnsrud: Gå inn i din tid (2020)

Thomas Hylland Eriksen døydde for nokre månader sidan. Han var ein av dei mest synlege akademikarane i landet, og hadde gjeve ut 60 bøker. Denne boka kom ut fire år før han døydde, men han var alt prega av sjukdomen. Det er i hovudsak ei samtalebok, der han og Dag Herbjørnsrud går gjennom tiår for tiår. Nokre av møtetidspunkta deira må tilpassast avtalar Eriksen har på sjukehuset.

Kvart kapittel har ein innleiande bolk, slik at me òg får ein grov biografi over livet til Eriksen. Eg hadde gløymt at han i fleire år var aktiv i Gateavisa. Han tok hovudfag i sosialantropologi og vart professor alt 29 år gamal. Han var knytt til Universitetet i Oslo resten av livet.

Det er innsiktsfulle samtalar, heile vegen. Begge er uvanleg kunnskapsrike. Dei må anten ha førebudd seg ekstremt godt, eller så har uvanleg mange detaljar festa seg. Eit gjennomgåande tema er vel at dei ser over landegrensene og prøver å finna trendar og viktige emne internasjonalt. I så måte er kapittela der dei snakkar om følgjene av 11. september og 22. juli svært gode. Men sjølv om samtalane er gode, er det nok litt for mykje semje - dei kunne nok sagt tydelegare frå dei gongene dei er noko usamde. 

Guffen tilrår. 

9. januar 2025

Mímir Kristjánsson og Sofie Marhaug: Hjelp, de drar til Sveits! (2024)

Spoiler: Når to stortingspolitikarar frå Raudt skriv bok om alle skatteflyktningane som flyttar til Sveits har dei ikkje så mykje positivt å seia om den flyttinga. Endå ein spoiler: Det kan ikkje vera noko bombe at eg er samd dei to forfattarane. 

Me kjenner alle til dette: På grunn av dei norske skattereglane flytta mange av dei aller, aller rikaste i landet til Sveits. Der kan dei betala mindre skatt. Kjell Inge Røkke var den fyrste; mange fulgte etter.  Dei fekk mykje kritikk, mellom anna av di mange av dei hadde tent seg rike på råvarer frå naturen, altså på råvarer som høyrer til fellesskapet. Og så stikk dei berre av frå landet, utan å leggja igjen skattekronene sine her? 

Denne boka tek klart standpunkt, men eg synest òg Kristjánsson og Marhaug er flinke til å la flyktningane sine standpunkt koma fram. Til argumentet om natur-råvarer svarar dei noko slikt som at dei gjerne vil betala skatt, men sidan verdiane er plasserte i aksjar og eigedomar og alt slikt, har dei ikkje kontantar til å betala skatt. Forfattarne let dei få snakka, anten direkte til dei eller via intervju dei har gitt til andre, og av og til ser dei at det kan vera eit poeng i det dei seier.

Det er eit alvorleg tema, men boka er skriven med glimt i auga. Her er små og store ting å smila av, innimellom det alvorlege. Boka sluttar med fire måtar venstresida kan følgja for å ta kampen opp med milliardærane. Det er gode, men optimistiske råd. 

Guffen tilrår.  

Meir Kristjánsson på kulturguffebloggen
Mamma er trygda (2019)
Pabbi (2024)

7. januar 2025

Sigrun Slapgard: Werna Gerhardsen. Jenta fra Løkka (2024)

Det står alltid ei sterk kvinne bak ein stor mann, eller noko slikt. Werna Julie Christie (1912-1970) kom tidleg med i arbeidarrørsla. Der møtte ho den femten år eldre Einar Gerhardsen, og dei gifta seg i 1932. Han var den (mest) aktive politikaren og den som alle kjenner namnet til. Denne boka viser at Werna òg var viktig, både lokalt og nasjonalt. På same måte som mannen var ho travelt oppteken heile tida, med møte, aktivitetar og skriving.

Då ho gifta seg kom ho inn i eit mannsdominert miljø, der kvinner helst skulle halda kjeft eller halda seg på kjøkkenet. I alle fall nesten. Nokre, som Gerhardsen, meinte at ho burde få vera med i dei politiske samtalane på hytteturar og heime hjå folk, andre, som Haakon Lie og Martin Tranmæl, var noko lunknare. Etter krigen var ho aktiv i lokalpolitikken i Oslo, og var spesielt oppteken av dei veikare i samfunnet. 

Eg hugsar godt då avisene meinte at ho hadde hatt eit forhold til ein russisk diplomat. Her kan ingen ting provast, og Slapgard verkar overtydd om at dette berre var rykte. Det som overraska meg mest, sikkert av di eg ikkje har fulgt godt nok med i timen, var kor nært knytte arbeidarrørsla var til Russland og Sovjetunionen. Før krigen var det nær kontakt med fleire der, og mange hadde vondt for å tru det dei høyrde frå landet då Stalin herja som verst, eller då dei tok over heile Aust-Europa etter krigen.

Guffen tilrår. 

5. januar 2025

Vengeance Most Fowl (2024)

Det må ha vore hausten 1993 eller våren 1994. Det vart mumla om ein aldeles glimrande animasjonsfilm som gjekk på Bergen kino - The Wrong Trousers. Eg såg filmen den siste dagen han gjekk, og eg kan ikkje hugsa at eg nokon gong har ledd så mykje og så lenge i ein kinosal. Sluttscena er fabelaktig laga. 

Det kjennest rett å nemna den filmen her. Det har kome fleire store filmar om Wallace og Gromit, både før og etter The Wrong Trousers, men den er framleis den beste. I tillegg er dette ein slags oppfølgjar. Feathers McGraw, den onde, onde pingvinen, er tilbake. Han har site i eit dyrefengsel, altså ein zoologisk hage, heilt sidan han vart teken, men no vil han ha hemn. Han vil ut, og han vil stela diamanten ein gong til.

Det er ein glimrande film, der det aular av vitsar, både openberre og diskrete. Det kjem fleire referansar til andre Wallace og Gromit-filmar, og til andre Aardman-seriar. Animasjonen er framleis suveren. Wallace er framleis ein hjelpelaus og lettlurt oppfinnar; Gromit skjønar framleis alt som skjer før det skjer. Spesielt Wallace er ein tradisjonell brite, men serien tek opp ting frå samtida vår: Eg ser mykje av filmen som ein kritikk av desse tullete KI-greiene.

Guffen tilrår. 

2. januar 2025

Lisa Marie Presley og Riley Keough: From Here to the great Unknown (2024)

Det kan sikkert vera vanskeleg å vera kjendis, men det er heller ikkje spesielt lett å vera dotter til ein kjendis. I alle fall ikkje når far din var den største popstjerna i verda. Og når du like godt var einebarn. 

Boka er delvis ein sjølvbiografi. Lisa Marie Presley fortel om livet sitt, og denne teksten er henta frå opptak ho gjorde mot slutten av livet. Resten av boka er skriven av dotter hennar. Det er ein markant skilnad på dei to delane, som er fletta saman: Keough, som rett nok er den som har fletta det saman og som har redigert boka, verkar noko meir nedpå. Presley seier/skriv mykje rart, og favoritten er nok den om at "I fell in love with [Michael Jackson] because he was normal, just fucking normal". Viss du reknar Jackson som normal må du ha sett mykje rart. 

Presley døydde i fjor. Ho hadde lenge slite med rus, og ho verkar ikkje heilt i balanse. Ho meiner sjølv at ho har overnaturlege evner, og kan sjå og høyra ting andre ikkje kan. Ho verkar rimeleg enkel, og det er på grensa til uansvarleg å gje ut ei bok som dette, i alle fall når den eine forfattaren ikkje lever lenger. Eg veit ikkje heilt kva eg venta meg, men eg hadde vel von om at det heile skulle vera hakket meir innsiktsfullt.

Guffen kan ikkje tilrå dette. 

Meir Elvis på kulturguffebloggen
West, West og Hebler: Elvis, What Happened? (1977)
Gail Brewer-Giorgio: Is Elvis Alive? (1988)
Peter Guralnick: Last Train to Memphis (1995)
Peter Guralnick: Careless Love (1999)
Alanna Nash: The Colonel (2003)
Elvis (2022)
Priscilla (2023)