28. august 2017

Richard Ford: Between Them (2017)

Noko av det som gjer denne boka så bra er at Ford ikkje har alle svara. Det er ei bok om foreldra hans. Dei to er hovudpersonen i kvar sin bolk av boka, og dei er begge den sentrale bipersonen i den andre. Saman med Ford sjølv, sjølvsagt - det er han som fortel, og at han vart fødd endra livet til dei to.

Begge foreldra vaks opp på landsbygda i dei amerikanske sørstatane. Faren, Parker Ford, vart etter kvart ein seljar, som heile tida var på farten. Etter at han gifta seg med Edna Akin vart ho med på turane. Det var jobb, men det var òg ein leik. Dei var gifte i 16 år før dei fekk Richard, og han vart det einaste bornet deira. Då slutta mora å vera med på all reisinga, og faren vart i staden vekependlar. Faren døyr rundt 1960; mora levde til 1981. Bolken som handlar om ho vart skrive kort tid etter at ho døydde; bolken om faren er nyskriven.

Boka er altså full av spørsmål. Ford vedgår at han ikkje veit alt, og at han heller aldri vil finna ut av det. Han var seksten år då faren døydde, og er ikkje åleine om å ein dag skjøna at det er for seint å få svar på det ein gjerne vil vita. Ford skriv klokt og godt om dei to liva, om to liv der det ikkje var mykje dramatikk, men der han likevel får godt fram at dei var gode foreldre for han. Det er kanskje ei av drivkreftene for Ford - han er einebarn, og har ikkje ungar sjølv, slik at dette er ein måte å sikra at foreldra vert hugsa.

Delen om mora er den varmaste. Ford verkar tettare knytt til ho, men det spelar òg inn at ho levde lengre, og at han kjende eit ansvar for å ta seg av ho.

Guffen tilrår.

Meir Richard Ford på kulturguffebloggen
Wildlife (1990)
Let Me Be Frank With You (2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar