1. august 2017

Sgt. Pepper's Musical Revolution (2017)

Dokumentarfilm-sommaren på NRK2 held fram. For ein månad sidan såg eg ein dokumentar om The Beatles, som konsentrerte seg om åra dei var aktive på konsertscena, altså til og med 1966. Denne filmen tek over der den andre slutta, og sjølv om eg var nøgd med den fyrste òg, var denne i ein heilt annan liga. Det er rett og slett ein glimrande dokumentar.

I filmen viser musikaren og musikkhistorikaren Howard Goodall kvifor Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band var eit så langt steg framover. Eg har lese mykje om plata, men her var det mykje nytt. Goodall opnar med slutten på turnélivet, og snakkar om det The Beatles gjorde i studio dei neste månadene. Og at dei var der heile fem månader for å spela inn ein LP var noko nytt. Han stoppar opp ved nokre utvalde songar, og tek med begge dei to fyrste songane dei spelte inn, sjølv om dei ikkje kom med på plata. "Penny Lane" og "Strawberry Fields Forever" kom ut som singel nokre månader før LP-en, og i dei dagar var det slik at berre nye songar kom med på LP-ar.

Songane kan ha hippielyd, bandet kan sjå ut som hippiar, men Goodall argumenterer overtydande for at langt dei fleste songane på plata faktisk handlar om dagleglivet. Slik er det til dømes med dei to songane på singelen. Det er likevel andre viktige grunnar til at Goodall tek dei med her. "Strawberry ..", slik me kjenner songen i dag, er to halve versjonar klipt saman, på ein måte som aldri hadde vore gjort før i 1967. Og i "Penny Lane" vert fire piano klipt saman - eit slags frampeik til det som kjem på "A Day in the Life", sluttsporet på Sgt. Pepper's. Der vert sluttakkorden spelt av sju piano og to andre keyboard.

Goodall går vidare. Han snakkar om "Being for the Benefit of Mr. Kite", "Lucy in the Sky with Diamonds", "She's Leaving Home", "Within You Without You" og nemnde "A Day in the Life". Heile tida peikar han på kvifor songane er viktige, og kva som er nyskapande ved dei. Han viser dette ved å spela utdrag frå songane, gjerne på piano, eller han viser det ved å henta fram eitt og eitt instrument frå originalbanda. På denne måten får han til dømes fram den sterke inspirasjonen frå klassisk musikk.

Han forsterkar biletet av Sgt. Pepper's som eit vendepunkt i popmusikkhistoria. Han seier at plata omformar det kjende, og gjer det til noko kjent. For han vert plata ei plate som endrar reglane for korleis plater kan vera.

Guffen tilrår.

Meir The Beatles på kulturguffebloggen
A Hard Day's Night (film, 1964)
John Lennon: In His Own Write (1964)
John Lennon: A Spaniard in the Works (1965)
Magical Mystery Tour (film, 1967)
Yellow Submarine (film, 1968)
Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)
Let It Be (film, 1970)
Williams/Marshall: The Man Who Gave The Beatles Away (1975)
Mark Shipper: Paperback Writer (1978)
The Rutles/All You need is Cash (film, 1978)
Brown og Gaines: The Love You Make (1983)
I
an MacDonald: Revolution in the Head (1994)
The Beatles Anthology (fjernsynsserie, 1995)
The Beatles: Anthology (2000)
Ringo Starr: Postcards from the Boys (2004)
Joshua M. Greene: Here Comes The Sun (biografi om George Harrison, 2006)
Howard Sounes: Fab. An intimate Life of Paul McCartney (2010)
George Harrison. Living in the material World (film, 2011)
Hunter Davies (red.): The John Lennon Letters (2012)
Good Ol' Freda (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del I (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del II (2013)
Tom Doyle: Man on the Run (2014)
Paul Du Noyer: Conversations with McCartney (2015)
Michael Seth Starr: Ringo. With a Little Help (2015)
The Beatles. Eight Days A Week (2016)
George Harrison: I Me Mine (2017)
Tony Barrell: The Beatles on the Roof
 (2017)
The Beatles: Get Back (bok, 2021)
Paul McCartney: The Lyrics (2021)
The Beatles. Get Back (fjernsynsserie, 2021)
McCartney 3, 2, 1 (2021)
Kozinn og Sinclair: The McCartney Legacy, Volume 1 (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar