25. oktober 2011

Junot Diaz: Drown (1996)

Eg er ofte på farten med Runar, og han tilrår ofte bøker eller filmar eller andre ting. Av og til råkar han midt i blinken, som då han prakka på meg eit opptak med den glimrande komikaren Mitch Hedberg. Andre gonger er eg ikkje like imponert, som då han tilrådde ein dokumentarfilm om Bob Dylan. Han tilrådde denne boka sterkt.

Det er debutboka til Diaz. Her er ti noveller, som alle handlar om den same familien. Dei veks opp i Den dominikanske republikk. Faren har budd åleine nokre år i USA, men kjem attende og hentar dei andre. Forteljingane går føre seg over eit langt tidsrom, nokre handlar om tida før dei utvandra, andre ser ut til å gå føre seg minst femten år seinare.

Alle novellene er ikkje like gode. Dei kortaste novellene gav meg lite, medan dei lengre var langt betre. Best likte eg den siste (og lengste), der det vert fortalt om dei åra faren budde åleine i USA. Korkje her eller i dei andre USA-novellene er det mykje som vitnar om at dei fekk det livet i velstand dei søkte. Dei held til på botnen, det er usikre jobbar og heller lite pengar, det er eit liv litt på utsida av lova, og det er eit liv med mykje vald. I motsetnad til den tidlege innvandringa frå Europa kjem desse innvandrarane til eit land der det ikkje er like lett å koma seg opp og fram.

For meg var dette altså ei midt på treet-bok. Det irriterer òg at han, truleg for å gjera språket meir autentisk, bruker mange spanske ord og uttrykk. Nokre av dei er forklarte i ei kort ordliste til sist i boka, men langt frå alle. Her er likevel mykje å gle seg over. Diaz har seinare gjeve ut ein roman som har fått mykje skryt, og så lenge dei lange novellene var dei beste, kan det henda at eg prøver meg på den ein gong.

Guffen er lunken.

Meir Diaz på kulturguffebloggen:
The Brief Wondrous of Oscar Wao (2007)

1 kommentar:

  1. Er du ein av dei som syntest at "Drown" var midt på treet? Så vil du sikkert like romanen "The Brief Wondrous Life of Oscar Wao" litt/ein del betre. For "Drown" er eigentleg svært god, og "Oscar Wao" er fantastisk.

    SvarSlett