19. september 2011

Kjell Hallbing: Der ørnene dør (1974)

Mot slutten av 80-åra var eg ved Little Big Horn i Montana. Der stod det truleg mest vidgjetne slaget mellom indianarar og kvite soldatar, i 1876. Eg var der seint på hausten, det var nesten folketomt, og det var rart å gå gjennom det kvilande landskapet og tenkja på grunnen til at stadnamnet vart kjent. General Custer, ein spradebasse av ein general som var like ambisiøs og PR-kåt som han var dumdristig og naiv, braut ordrane han hadde fått. Han venta ikkje til alle soldatane var komne i posisjon, og var dum nok til å angripa ei av dei største samlingane av indianarar gjennom tidene. Custer hadde med seg rundt fem hundre mann, indianarane hadde bortimot 2000. Det gjekk som det måtte gå, indianarane tok lett livet av rundt 270 soldatar.

I månadene før eg var der hadde eg lese Stephen Ambrose sin glimrande dobbeltbiografi om Custer og indianaren Crazy Horse, som var ein av dei leiande indianarane ved Little Big Horn. Ambrose var klart mest sympatisk med Crazy Horse, og eg såg ingen grunn til å leggja sympatien min ein annan stad. I denne boka, der Hallbing skriv Morgan Kane inn i ekspedisjonen til Custer, ligg sympatien same stad. Custer vert framstilt som ein sjølvopptatt og eigenrådig general, som får det han ber om.

Kane er ung når dette skjer, godt og vel tjue år, og han har eigentleg ei birolle i heile historia. Det verkar som om Hallbing vil fortelja lesarane at dei amerikanske soldatane gjekk feil fram, at dei behandla indianarane på ein lite menneskeleg måte. I dag er dette sjølvsagt, i 1974 var det mindre opplagt, og - med fare for å generalisera - truleg i endå mindre grad hjå den vanlege Kane-lesaren. Boka er langt tjukkare enn dei andre bøkene i serien, og utgåva eg las kom ut åtte år seinare, i Den norske Bokklubben. Og under det eigentlege namnet til Kjell Hallbing.

Eg las mykje Morgan Kane då eg var yngre. Eg hugsa denne boka som ei av dei beste, og kjøpte ho sist eg var på Fretex. Eg vart nok ikkje altfor imponert. Hallbing stiller tidvis for små krav til lesaren, for mykje vert forklart. Det tek tid før Kane slår følgje med Custer, og fram til det skjer går boka av og til på tomgang. Kan grev etter gull, han vert (nesten) antasta av to andre gullgravarar, han drep dei, han overlever så vidt, han er med på ein militærekspedisjon, han driv dank i militærleiren, han drikk og horar.

Det er òg overraskande at ein så god forteljar som Hallbing ikkje greier å skriva om sjølve slaget på ein betre måte. Likevel - her er mange gode passasjar, og ved nokre høve dukkar det opp setningar og uttrykk som er gode. Det er òg ei god løysing at Kane ved fleire høve møter indianaren Little Big Man. Han sparar livet til Kane fleire gonger, men vert seinare med på å ta livet av sjølvaste Crazy Horse.

Guffen er lunken.

Meir Morgan Kane på kulturguffebloggen
Den store boka om Morgan Kane (2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar