30. mai 2011

Mulholland Drive (2001)

Diane Selwyn, ei ung kvinne med skodespelarambisjonar har relativt nyleg vorte dumpa av kjærasten sin, Camilla Rhodes. Camilla er langt meir talentfull, og har hatt langt meir suksess, i alle fall målt etter Hollywood-kriterie. Ho skal gifta seg med ein stjerneregissør, medan Diane bur i ei enkel leilegheit. Diane taklar ikkje at Camilla skal gifta seg med regissøren, og betalar ein leigemordar for å ta livet av eksen. Filmen sluttar med at nokon bankar og bankar på døra hennar, og sidan ho alt har fått høyra at politiet ser etter ho, reknar ho med at dei veit kva ho har gjort, og ho tek livet sitt.

Dette er handlinga i filmen. I alle fall trur eg det er handlinga i filmen. Det er David Lynch, dette, og då er det ikkje alltid lett å få med seg kva som skjer. Dei to fyrste tredelane av filmen handlar om noko heilt anna, det er dei same personane som er med, men dei har andre namn, og kjenner kvarandre frå andre samanhengar. Denne delen av filmen vert avslutta av at Diane vaknar i senga si, og heile filmen opnar med at nokon sovnar i den same senga, eller i alle fall ei seng med dei same sengkleda. Det er difor nærliggjande å sjå det meste av filmen som ein draumesekvens, der livet til Diane (som rett nok heiter Betty i draumen) er langt betre og langt meir harmonisk. I den delen vert det ofte referert til draumar, Betty seier til dømes at "now I'm in this dreamplace". Draumedelen handlar òg om skodespelardraumane til Betty, og Betty er visst ein betre skodespelar enn Diane.

Det heile fungerer godt, og det er ein solid film. Her er heile tida ei kjensle av uhygge, ein veit aldri kva som ventar rundt neste sving. Lydsporet er med på å byggja opp denne uhygga, her er ofte ei buring som ligg og buldrar, og som skapar ei kjensle av at ting er ute av balanse.

Det er stas med Lynch, men samstundes er her òg ei kjensle av at han repeterer seg sjølv. Fleire av scenene minner om ting han har gjort før, og sjølv om musikken er framifrå, minner også den om tidlegare Lynch-filmar.

Guffen tilrår.

Meir Lynch på kulturguffebloggen
Blue Velvet (1986)
Wild at Heart (1990)
Twin Peaks, fyrste episode (1990)
Twin Peaks (1990-91)
Lost Highway (1997)
The Straight Story (1999)
Inland Empire (2006)
Brad Dukes: Reflections. An Oral History of Twin Peaks (2014)

1 kommentar:

  1. Av dei tre som såg denne saman då den gjekk på kino, var eg den einaste som forstod at scenene i filmen (eller i alle fall det meste av den, har ikkje sett den sidan) var sett saman baklengs. Ein skulle jo tru at det burde vera noko som var råd å ordna i klypperommet.

    SvarSlett