9. februar 2011

Jonathan Safran Foer: Eating Animals (2009)

Kva innstilling ein har til ei bok som denne heng saman med kva kosthald ein har. Eg er gjennomgåande sympatisk innstilt til det han skriv om, eg har vore vegetarianar sidan midt i 80-åra. Den viktigaste grunnen var, sterkt inspirert av ein songtekst av Morrissey, ei minkande lyst til å eta eit dyr som var drept berre av di eg skulle eta det. No er eg like mykje vegetarianar av gamal vane, eg merkar at eg ikkje har like stor interesse av å gå inn i vegetardrøftingar no. Akkurat det kan òg koma av at det er grenser for kor mange gonger ein person kan få spørsmålet "jamen, jamen ... kva i alle dagar et du på julekvelden?".

Dei som les denne boka med eit rimeleg ope sinn vil sjå kor malplassert det spørsmålet er. Det er omtrent like malplassert som dei som etter å ha fått servert mange argument om kvifor ein bør leva vegetarisk (sunnare, meir etisk, betre for utnyttinga av ressursane, osb.) svarar med at kjøt smakar så godt. For Foer handlar ikkje kosthald om smak, det er eit spørsmål om etikk. Han vart sjølv vegetarianar då han arbeidde med denne boka, som handlar om korleis dyr og fuglar og fiskar vert til mat. Han skriv om amerikanske tilhøve, og der er det verre enn dei fleste andre stader, men hovudtanken hans kan overførast til andre samfunn: Dyr må handsamast betre, både gjennom livet og når dei møter døden i eit slaktehus.

Han vitjar gardar, han vitjar gardsfabrikkar, han vitjar slaktehus, han bryt seg inn på fuglegardar. Han møter folk han ikkje hadde rekna med å vitja, som vegetariske bønder, eller veganar som byggjer slaktehus. Han fortel oppglødd om bønder som driv fornuftig om med omtanke, og som likevel greier å gå med overskot, og han skriv nedlatande om korleis dei store slaktehusa handterer dyra dei slaktar.

Det er kapitla frå slaktehusa som gjer størst inntrykk. Til og med når offentlege kontrollørar er til stades, vert dyra mishandla. Også etter at dyra er døde, skjer det rare ting. Etter at kyllingar er drepne og reinska, vert dei nedkjølte i ein tank med vatn. Dette er heilt vanleg i USA, men vert så godt som aldri gjort i Kanada og Europa. For produsenten handlar det om pengar, noko av vatnet vert teke opp av den slakta kyllingen, slik at vekta aukar. For konsumenten burde det handla om helse. Langt frå alle kyllingane er reine nok, slik at vatnet dei vert avkjølte i inneheld avføring, bakteriar og anna drit. Og dette vatnet er altså med på auka vekta på kyllingen.

Også i fiskenæringa skjer det mangt rart. Fiskane som vert mest brukt til mat i USA er tunfisk, reker og laks, og desse vert oftast fiska ved "longline fishing", som eg ikkje anar kva heiter på norsk. Det er òg mindre viktig, viktigare er det at ved denne fiskemåten får dei mykje anna, som dei berre kastar ut att. Mykje anna - kvart år vert det drepe 3 500 000 haiar på denne måten. Foer, som altså legg til grunn det ein et bør ha levd og døydd på ein etisk forsvarleg måte, skil mellom dyr og fiskar i så måte. Eit dyr kan ha mist livet fort og greitt, men det har absolutt ingen fiskar gjort.

Foer skriv godt. Han nyttar døme frå si eiga historie, og bruker haldninga besteforeldra hadde til mat som eit døme på dei store endringane som har skjedd dei siste tiåra. Bestemor hans hadde omtrent same haldninga som mor til ho eg bur lag med - Foer skriv at "she taught us that animals that are bigger than you are very good for you, that animals that are smaller than you are good for you, fish are fine for you, then tuna, then vegetables, fruits, cakes, cookies and sodas. No foods are bad for you. Fats are healthy - all fats, always, in any quantity. Sugars are very healthy. The fatter a child is, the healthier it is - especially if it's a boy. Lunch is not one meal, but three, to be eaten at 11:00, 12:15 and 3:00. You are always starving."

Er det håp om endring i det amerikanske kosthaldet? Neppe. Men ei bok som denne er likevel viktig, og det kan jo henda at nokre av dei som les ho endrar kosthaldet sitt. Det er i alle fall uråd å lesa boka utan å tenkja meir gjennom kva ein stappar i seg.

Guffen tilrår.

2 kommentarer:

  1. http://www.washingtonpost.com/wp-srv/special/health/weight-of-the-world-bmi/

    SvarSlett
  2. Jeg har også lest denne, og jeg synes det viktigste med boka er at han stiller spørsmål som vi har undertrykt i mange år, blandt annet om dette med fisk. Vi vet at fisken føler smerte på lik linje som oss, og allikevel fisker vi dem opp med krokmekanismer som borer seg gjennom huden deres og ikke dreper momentant, og vi føler ikke engang anger for det. Han poengterer at ingen ville gjort det samme mot en hund. Og hunder, og fisker, og mennesker, har like smerteopplevelse.
    Jeg synes det er utrolig fascinerende lesning!

    Dessuten liker jeg at (værtfall første halvdel) boken er så saklig. Han legger frem spørsmål, og han prøver ikke å svare på dem med meninger. Han svarer på dem med fakta, eller velger å la mottakeren svare selv.

    Skulle ønske flere hadde tenkt over spørsmålene han stiller i boka, de er viktige!

    SvarSlett