Viser innlegg med etiketten Vlautin. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vlautin. Vis alle innlegg

7. august 2014

Willy Vlautin: Northline (2008)

USA likar å framstilla seg som The Land of Opportunities, men for hovudpersonen i denne boka er både notida og framtida relativt dyster. Allison Johnson har så vidt bikka tjue, men har ikkje fått gjort så mykje anna i livet enn å ikkje fullføra highschool, drukke ein del alkohol, hatt ein valdeleg høgrevridd kjærast (som overtalte ho til å tatovera inn eit hakekors på ryggen), gå frå den eine dårleg betalte jobben til den andre, og å adoptera vekk den nyfødde ungen sin.

Då ho vert gravid, flyktar ho frå kjærasten i Las Vegas til Reno, ein annan by i Nevada. Livet i Reno vert ikkje mykje betre, sjølv om slutten av boka er ørlite optimistisk. Ho har fått seg ein ny kjærast, og har to jobbar der ho tener greitt, men framtida er likevel ikkje spesielt lys. Ikkje minst av di gamlekjærasten veit kvar ho bur, og sender brev til ho der han seier at han snart kjem på besøk.

Boka gjev eit svært godt innblikk i korleis Allison har det. Livet hennar er ei grei blanding av desperasjon og løgn. Er ho åleine kjem dei tunge tankane ho berre kjem seg ut av ved å fantasera fram samtalar med skodespelaren Paul Newman; er ho saman med andre dekkjer ho over det verste, og pyntar i staden på alt i tilveret.

Guffen tilrår.

Meir Vlautin på kulturguffebloggen
The Motel Life (2006)
Lean on Pete (2010)
The Free (2014)

9. april 2014

Willy Vlautin: The Free (2014)

Amerikanske soldatar i utlandet. Eit helsestell som ikkje tek seg av alle som treng det. Ein økonomi som har gått til pisis. Ungdomar som kastar vekk liva sine med død og dop. Tusenvis av heimlause. Vlautin er innom mange av desse emna i denne romanen, og han skriv om det på ein uventa måte. Det er ingen store rop eller altfor dramatiske scener her, og det som er av vald har som oftast skjedd rett før hovudpersonane oppdagar det.

For her er fleire hovudpersonar. Ein hjerneskadd krigsveteran prøver å ta livet sitt. Det greier han ikkje, ikkje med ein gong i alle fall, og dei to personane me følgjer tettast er nattevakta på soldatheimen han budde på, og ei sjukesyster på sjukehuset han vert lagt inn på. Rundt desse tre krinsar det fleire personar - mora og eks-kjærasten til soldaten, ei ung jente som vert lagt inn på sjukehuset, sjefen på den andre jobben til nattevakta, og nokre fleire. Og innimellom vert me tekne med inn i nokre draumeliknande sekvensar; for meg verkar dette som noko som skjer i hovudet til soldaten.

Ingen av desse går ei lystig framtid i møte. Mykje skuldast mangelen på pengar; noko skuldast mangelen på ein trygg familie. Optimismen er likevel til stades, noko som ikkje minst vert tydeleg når nattevakta får ein telefon frå eks-kona, som bed han ta over ansvaret for dei to unge døtrene deira. Han har ingen pengar, han har to dårleg betalte jobbar, han bur i ei trong leilegheit, og han veit at han ikkje har råd til å gje den yngste dottera det ho treng av dokterhjelp og medisin.

Så det er eit USA på kanten av stupet Vlautin skildrar. Land of the Free, indeed.

Guffen tilrår.

Meir Vlautin på kulturguffebloggen
The Motel Life (2006)
Northline (2008)
Lean on Pete (2010)

18. mars 2014

Willy Vlautin: The Motel Life (2006)

Dette er debutromanen til Vlautin, som eg nyleg las ei anna bok av. Denne er også bra, og det er fare for at eg kjem til å få tak i dei to andre romanane Vlautin har skrive.

Dei to brørne Frank og Jerry Lee lever eit rimeleg avslappa liv. Dei arbeider av og til, dei drikk mykje, og bur stort sett på billege motell. Jerry Lee amputerte foten for nokre år sidan, etter eit uhell då dei skulle hoppa på eit tog i fart, og det er han som ufriviljug skapar eit nytt problem. Ei natt han køyrer heim, ikkje heilt edru, kjem ein ung syklist ut i vegen framfor han. Han greier ikkje stoppa, guten døyr, og sjølv om ingen ser han, og ingen greier å spora han opp, vert han prega av det som har skjedd. Dei to brørne rømmer frå den vesle Nevada-byen dei bur i, og resten av boka er dei på flukt. Hovudsakleg frå seg sjølv.

Ingen av dei to fullførte high school, men dei er ikkje utan talent. Jerry Lee er ein dyktig teiknar; Frank likar å dikta opp historier. Når Jerry Lee har det som verst bed han Frank fortelja ein historie for han, og dette er rein røyndomsflukt - i historiene har dei det begge godt, som regel. Desse forteljarscenene er noko av det finaste med boka, der det kjem kor godt fram kor nært forhold dei to har. For det ha dei verkeleg, dei har ingen hemningar, dei fortel kvarandre alt. I alle fall etter ei tid.

Vlautin skriv godt, og han fortel òg historia på ein eksemplarisk måte. Notida er grei, men gradvis får me vita kva dei dreg med seg av røynsler frå fortida. Der er ikkje alt like lystig, langt ifrå. Lystig har dei det berre sporadisk, men dei har det likevel godt saman.

Guffen tilrår.

Meir Vlautin på kulturguffebloggen
Northline (2008)
Lean on Pete (2010)
The Free (2014)

2. februar 2014

Willy Vlautin: Lean on Pete (2010)

Charley Thompson har det ikkje så bra. Han er femten år gamal, og har nett flytta til Portland, Oregon, saman med far sin. Mora forsvann ut av soga hans for lenge sidan. Faren, som er ein god far, er mykje vekke på arbeid, slik at Charley går mykje for seg sjølv. Han får jobba litt for ein lite sympatisk hesteeigar, før alt går gale. Fyrst døyr faren; så truar hesteeigaren med å ta livet av Lean on Pete, ein hest Charley vert meir og meir knytt til. Så snart han får sjansen stel han bilen til hesteeigaren, tek med seg hesten i ein tilhengar, og køyrer austover mot Wyoming, der tanta hans bur.

Reisa hans vert ein tur gjennom eit Amerika i forfall. Han har ikkje mat, han har knapt bensin, han har ikkje pengar, han er heilt åleine - utgangspunktet er ikkje det heile beste. Han møter mange på ferda si, men det er stort sett folk som heller ikkje har det så bra - overvektige, alkoholiserte, arbeidslause, soldatar, foreldrelause. Han overlever så vidt - han stel, han lyg, han søv ute, han vert banka opp, han stikk av frå ungdomsfengselet han kjem inn i, og mot alle odds finn han tanta si i Wyoming. Boka sluttar ekstremt harmonisk - tanta lovar at ho skal ta seg av han. Han kjem altså inn i ein familievarme, og det er jo ein amerikansk kjerneverdi.

Det er ikkje uvesentleg at han reiser austover. I hundreåra då kvitingane slo seg ned i og erobra det amerikanske kontinentet, var draumen ei reise vestover. Europeiske emigrantar reiste vest over Atlanteren; på det amerikanske fastlandet heldt reisa fram i same retning. Den amerikanske draumen låg i vest. Charley reiser den andre vegen.

Det er ei relativt trist bok, men her er likevel lyspunkt. Charley har tru på seg sjølv, han har tru på at alt skal ordna seg, og han vil òg hjelpa andre. I mangelen på vener knyter han seg tettast til ein hest. Han stolar ikkje på folk, og hesten får vita langt meir om livet hans enn dei folka han møter. Boka er skriven i eg-form, og det er altså ein femten år gamal gut utan altfor mykje skulegang som fortel. Det ber språket preg av, og det er godt gjort. Det er korte setningar, det er enkle analysar og forklaringar, og det er eit språk som er veldig enkelt og greitt.

Guffen tilrår.

Meir Vlautin på kulturguffebloggen
The Motel Life (2006)
Northline (2008)
The Free (2014)