Viser innlegg med etiketten Lee. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Lee. Vis alle innlegg

16. oktober 2026

Casey Cep: Furious Hours (2019)

Harper Lee gjekk på ein smell etter at debutromanen hennar vart ein braksuksess. Ho sleit med å skriva noko nytt, og ho fekk òg etter kvart eit akoholproblem. Denne boka handlar (litt) om den gongen ho ville gje ut ei sakprosabok, men ho kom aldri i mål.

Det skulle verta ei true crime-bok. Det var ein sjanger ho ikkje var ukjend med. Etter at Mockingbird vart sett i produksjon, men før boka kom ut, var ho assistent då barndomsvenen Truman Capote arbeidde med det som skulle verta In Cold Blood. I fylgje denne boka var det Lee som var nøkkelen til at Capote fekk så mykje kontakt med informantar i Kansas. Ho skulle såleis ha eit godt grunnlag for å skriva boka The Reverend, men det fekk ho altså aldri til. Historia var spanande nok, men ho fann aldri den rette tonen, det rette grepet, og den rette hovudpersonen.

Denne boka er tredelt: Fyrst handlar det om presten Willie Maxwell, som tok livet av fem familiemedlemmer han kort tid før hadde teke ut ei mengde livspolisar på. Her fekk han god hjelp av advokaten Tom Radney, som er hovudpersonen i del to. I gravferda etter det siste offeret til Maxwell vart han drepen, altså medan han sat i kyrkja. Advokaten Radney tok dei oppdraga han kunne få, og han heldt fram som han stemna: Han greidde å få Maxwell frikjent for alt han var skulda for, men det var meir imponerande at han greidde å få frikjent ein som hadde utført eit mord med fleire hundre vitne. Den tredje delen handlar om Harper Lee, og denne bolken vert nesten som ein kort biografi: Arbeidet med The Reverend fyller berre delar av dette kapitlet.

Det er ei fin bok. Casey Cep skriv godt, og ho komponerer endå betre. Svært mange av kapittela sluttar med ein solid cliffhanger, og det er jo eit godt knep. Cep arbeider for tida med ein autorisert biografi om Harper Lee, og den er det berre å sjå fram til.

Guffen tilrår.

Meir Harper Lee på kulturguffebloggen
To Kill a Mockingbird (film, 1962)
Go Set a Watchman (2015)
The Land of sweet Forever (2025)

17. august 2026

Harper Lee: The Land of sweet Forever (2025)

Harper Lee gav eigentleg berre ut éi bok medan ho levde. To Kill a Mockingbird vart ein stor suksess. Lee var 34 år då boka kom ut, og sjølv om ho levde til ho vart 90, var den einaste andre boka som kom ut i levetida hennar, Go Set a Watchman, nærmast ei tidlegare utgåve av Mockingbird. 

I denne boka er det samla åtte noveller og åtte andre tekstar. Nokre av dei har vore publisert tidlegare, men her kjem dei i bokform for fyrste gong. 

Boka har eit informativt og vesentleg føreord, skrive av Casey Cep. Cep fortel om arbeidet for å finna desse tekstane. Novellene er grupperte etter tema - fyrst kjem tre som handlar om oppvekst, så kjem det tre med handling frå New York. Av og til ber dei preg av å vera tidlegare arbeid, men jamt over er det fine noveller. Dei er skrivne i det same lågmælte språket som Mockingbird, også når dei tek opp store og viktige tema.

Dei andre tekstane er kortare sakprosatekstar. Lee fortel mellom anna om når ho er på filmsettet til Mockingbird, og ho skriv varmt om den gode venen Truman Capote. 

Guffen tilrår.

Meir Harper Lee på kulturguffebloggen
To Kill a Mockingbird (film, 1962)
Go Set a Watchman (2015)
Casey Cep: Furious Hours (2019)

21. juni 2016

Harper Lee: Go Set a Watchman (2015)

Nokre bøker kjem med stor og tung ballast. Harper Lee, som døydde tidlegare i år, nesten 90 år gamal, hadde berre gjeve ut ein roman, To Kill a Mockingbird. Det er ein av dei store amerikanske romanane frå etterkrigstida, ein roman alle kjenner. I fjor vart det kjent at ein ukjent roman av Lee skulle gjevast ut. Omstenda rundt utgjevinga vart gradvis kjent, og forventningane blanda seg med ei kjensle av utnytting: Lee var redusert etter eit slag i 2007, ho hadde sterkt redusert syn og høyrsel, men syster hennar hadde verna om rettane hennar. Systera døydde, og andre pressa på for å gje ut boka. Lee gav etter, og boka kom ut.

Boka handlar om dei same personane me møter i Mockingbird. Då boka kom ut, vart det sagt at boka var skriven før Mockingbird, og at handlinga var lagt til den same småbyen, tjue år seinare. Etter kvart kom det fram at Go Set a Watchman var eit tidlegare utkast til Mockingbird, altså at dette manuset vart forkasta, med beskjed om at mykje måtte endrast. Slik sett har boka sin verdi, og kan godt brukast som døme på kor mykje eit manus kan endra seg fram mot ferdig bok.

I denne boka er Jean Louise vaksen. Ho bur i New York, og reiser på to vekers ferie til heimbyen i Alabama. Her møter ho familie og andre ho kjenner frå gamle dagar, og nokre kapittel er reine flashback, der Jean Louise tenkjer tilbake på viktige hendingar, anten det er frå barndom eller ungdom. (Mockingbird handlar om barndommen hennar.) Ho vert overraska og vonbroten når ho merkar at faren, advokaten Atticus Finch, er med på rasistiske møte, der dei drøftar problema knytt til at nordstatane vil gje negrar like rettar. Jean  Lousie konfronterer fleire med dette møtet - liksomkjærasten Henry, onkelen sin, og faren, og desse kapitla viser meir enn noko anna kvifor boka ikkje kom ut i denne forma. Det er livlause ordskifte, der Lee viser altfor tydeleg kva side ho står på i rasespørsmålet. Slik sett er slektskapen mellom dei to bøkene tydeleg, også i Mockingbird tek opp rasespørsmålet, men der vert det gjort på ein langt betre og overtydande måte. Også andre kapittel i boka er veike, men her finst òg mykje godt. Det andre gjennomgåande spørsmålet i boka er kjønnsroller, der den ferierande Jean Lousie framstår som langt meir frigjort og sjølvstendig enn barndomsveninnene hennar, som ikkje har gjort så mykje anna enn å gifta seg, få born, og smalltalka om ingenting.

Guffen er lunken.

Meir Harper Lee på kulturguffebloggen
To Kill a Mockingbird (film, 1962)
Casey Cep: Furious Hours (2019)
The Land of sweet Forever (2025)

10. november 2010

To Kill A Mockingbird (1962)

I prologen til The Secret History, debutboka til den amerikanske forfattaren Donna Tartt, fortel eg-personen det som skjer i fyrste halvdel av boka. Prologen sluttar med avsnittet "I suppose at one time in my life I might have had any number of stories, but now there is no other. This is the only story I will ever be able to tell".

"Den einaste forteljinga eg får fortalt". Slik var det òg med Harper Lee, som gav ut To Kill A Mockingbird i 1960, og det er (så langt) den einaste boka hennar. For min del kunne ho gjerne skrive meir, det er ei flott bok. Og det er òg ein flott film. Eg las boka for rundt femten år sidan, så det er store sjansar for at minnet skrantar, men dette er ei filmatisering som legg seg fint inntil boka.

For nokre månader sidan las eg Philip Dray si grundige bok om lynsjing i Amerika. Ein av dei viktigaste hypotesane hans var at svært mange svarte vart lynsja av di dei hadde eit seksuelt forhold til kvite damer. Det er ein slik episode som ligg bak ei av dei to grunnhandlingane i filmen. Advokaten Atticus Finch (spelt av Gregory Peck) prøver å få frikjent Tom Robinson, ein svart mann som er dømt for å ha valdteke ei kvit dame. Han greier å stoppa ei lynsjing, og han greier å få fram poenga sine i rettsaka, men juryen meiner likevel at Robinson er skuldig. Robinson vert drepen av ein politibetjent same kvelden, etter at han prøvde å stikka av.

Den andre handlinga i filmen er den dominerande. Dei to ungane til Finch, Jem og Scout, utforskar nabolaget, og er spesielt fascinerte av det mystiske huset der Boo Radley held til. I fantasiverda deira er Radley eit monster, og sjølv om dei ein gong vågar seg heilt inn til Radley-huset, er dei livredde for denne personen dei aldri har sett.

Dei to handlinga møter kvarandre heilt til slutt. Bob Ewell, far til jenta som vart valdteken, fylgjer etter Jem og Scott ein myrk kveld, bankar opp Jem. Før han får gjort noko med Scout, dukkar Boo Radley opp, og tek livet av Ewell. Den lokale sheriffen, som heile tida har vore overtydd om at Robinson var uskuldig, veit kva som har skjedd, men konkluderer likevel med at Ewell tok sitt eige liv, ved eit uhell.

Det er ein fin film. Sekvensane der det berre er ungar med, og der dei leikar i sitt eige nabolag, er veldig gode, og får godt fram kva ungar med god fantasi kan fundera seg fram til. Filmen går i eit godt og roleg tempo, scenene i rettsalen går akkurat fort nok, og også når det er meir dramatiske scener, som når fem-seks bilar køyrer fram til fengselet der Robinson sit, og der det ligg ei lynsjing i lufta, skjer det heile i eit passeleg tempo.

Guffen tilrår.

Meir Harper Lee på kulturguffebloggen
Go Set a Watchman (2015)
The Land of Sweet Forever (2025)