24. november 2025

Bjørn Rongen: Toget over vidda (1956)

Dei siste månadene har eg brukt ein del tid på å rydda ut leilegheita etter ein slektning som døydde i sommar. Den fyrste delen av ryddinga gjekk eg gjennom bokhyllene hans, og det var ein relativt kjekk jobb: Han hadde svært mange gode bøker, og svært mange bøker eg kunne tenkja meg å lesa. Denne boka var ei av dei eg tok med meg. Rongen var frå Evanger, han var altså ein relativt lokal forfattar, og han er omtala i både Nynorsk litteraturhistorie og Norsk biografisk leksikon, så det var grunn til å tru at dette ville vera verdt bryet. Han brukte både bokmål og nynorsk i forfattarskapen sin; denne boka er skriven på bokmål.

Det var det ikkje. Boka hentar haldninga frå tida då det skulle byggjast jarnbane over Hardangervidda. Me møter mange av dei såkalla rallarane - dei som bygde Bergensbanen. Nokre av dei får større plass enn andre, kanskje spesielt Ivar Hagen og Johan Svenske. Begge har vore med nokre år, begge er kjende av mange, og begge er gode arbeidskarar. Begge har (eller får) ein kjærast, og begge er heiderskarar. Rundt dei vrimlar det av folk, som får større eller mindre plass i romanen. Svært få av desse, inkludert kjærastane til Ivar og Johan, er spanande personar.

Rongen bruker mykje tid på å skildra arbeidsmåtar og utfordringar dei møter på høgfjellet. Det kan nesten verka som om det har vore viktigare for han enn å skriva ei god bok. Det er ofte keisamt, det er ikkje mykje fart i språket, og det er ei bok det ikkje er lett å seia noko positivt om. Det er den fyrste boka i ein trilogi, men eg vert nesten overraska dersom eg finn ut at eg skal halda fram med del to og tre.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

1 kommentar: