3. februar 2018

Arno Vigmostad: Gründerår (2016)

Vigmostad og Bjørke er det store eventyret i norsk forlagsverd dei siste tjue åra. Forlaget vart skipa i 1990, og dei fyrste åra var alle utgjevingane retta mot skuleverket - mange eksamenshefte, mange lærebøker. Dei har kjøpt opp andre forlag, gjev ut bøker om alle emneområde (inkludert skjønnlitteratur), og er i dag det fjerde største forlagshuset i landet.

Forlaget vart grunnlagt av Arno Vigmostad og Arnstein Bjørke, medan begge studerte ved NHH i Bergen. I denne boka fortel Vigmostad om dei vanskelege og fargerike oppstartsåra, fram til ein personaltur der han innser at gründeråra er forbi. Han skriv godt, og boka har ei fin form: Boka er på 126 sider, men har likevel heile 40 kapittel. Kvart kapittel har sitt poeng eller si historie, og den knappe forma gjer at både poeng og historier kjem raskt fram.

Boka er likevel ikkje like interessant heile vegen. Det svingar mest når han fortel om korleis dei to prøver seg fram, korleis dei prøver å med seg forfattarar, korleis dei reiser til bokmesser utan å vita heilt kva som ventar dei. Vigmostad fortel godt om korleis dei lærer seg faget samstundes som dei greier å overleva som forlag. Ein stad etter midten av boka endrar tonen seg litt, og då er det ikkje like sjarmerande. Her vert Vigmostad meir ein besserwisser, som ser ut til å trivast litt for godt med å fortelja andre forlag at også nykomarar kan vita noko om korleis forlag skal drivast.

Guffen tilrår.

Meir Vigmostad på kulturguffebloggen
Forleggerliv (2019)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar