17. april 2017

Beatles (2014)

Eg trur eg har lese to bøker av Lars Saabye Christensen. Dette er den eine, oppfølgjaren Bly er den andre. Eg hugsar ikkje mykje av dei, det må vera langt over tjuefem år sidan, men sidan eg las Bly må eg ha funne noko av verdi i Beatles.

Ut frå denne filmen er det vanskeleg å sjå kva det kan ha vore. Det var ikkje så overraskande, ein ting var at eg minnest dei lunkne meldingane filmen fekk, ein annan ting var at Marit åtvaara meg. Ho hadde sett filmen før, og meinte det var reint skvip. Men det passa likevel å sjå han - eg var trøytt etter å ha køyrt bil heile dagen, men likevel ikkje meir trøytt enn at eg ville ha med meg filmen NRK viste etter denne. (Og den var heldigvis langt betre.)

Filmen handlar om fire unge gutar på beste vestkant i Oslo. Dei likar The Beatles, dei startar band, og dei er opptekne av jentene i klassen. Det gryande forholdet mellom ein av gutane, Kim, og klasseveninna Cecilie, er sentralt i filmen. Sjølvsagt går ei anna jente litt i vegen, sjølvsagt finn ikkje Kim tonen med foreldra hennar, og sjølvsagt er det heile på nippet til å gå til pises. Men det ordnar seg, slik det er opplagt at det skal gjera. For det er opplagt, alt som skjer her, det vert fortalt så overtydeleg at Halldis (5) var den som var mest engasjert i filmen.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar