14. oktober 2015

Mark Atwood Lawrence: The Vietnam War. A Concise International History (2008)

Vietnamkrigen er truleg den hendinga frå andre del av 1900-talet som prega det amerikanske samfunnet mest. Amerikanske soldatar kjempa i Vietnam i ti år, 1965 til 1975, og det tiåret endra mykje i USA. Haldninga til regjeringa endra seg. Store og sterke motkulturar vaks fram. Det var ikkje like opplagt at USA skulle kjempa mot kommunisme over heile verda, og det var slettes ikkje opplagt at dei skulle vinna slike krigar, trass i at dei var ei av dei to supermaktene i verda.

Eg har sjølvsagt høyrt mykje om Vietnamkrigen, men denne boka var ei lita perle. Knappe to hundre sider proppfulle av informasjon, der Lawrence teiknar og forklarar kva som skjedde. Han opnar med forhistoria, der Frankrike etter andre verdskrigen trekkjer seg ut av Vietnam. Landet vert delt på midten, der kommunistane styrer den nordlege delen, men der dei òg har litt makt sør for grensa. USA går inn i krigen, fyrst forsiktig og litt motviljug, før dei pøser på med folk og våpen. Det hjelper ikkje, kommunistane står mot alt, og i 1975 flyktar dei siste amerikanske soldatane frå Saigon.

Nord-Vietnam hadde god hjelp frå Sovjet, som mellom anna hjelpte dei med våpen som kunne skyta ned amerikanske bombefly. Det var effektivt, også rekna i dollar: Dei skaut ned så mange amerikanske fly at bomberaida over Nord-Vietnam gav langt større økonomiske tap for USA: I 1965 var tapa verdt 6,6 gonger så mykje, året etter var tapa 9,6 gonger større. Dei store tapa førte til at dei amerikanske presidentane gjekk til kongressen for å be om større løyvingar. Dei fyrste åra fekk dei det, men etter kvart som det vart tydeleg at desse løyvingane gjekk ut over det amerikanske samfunnet, auka motstanden mot krigen. Både blant folk flest, men òg blant dei folkevalde.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar