DVD-ar er rimeleg billege, og dei er oftast einaste måten ein kan sjå filmar frå gamle dagar på. Det har vorte ein del slike reprisar på meg, med ulikt resultat. Nokre filmar held seg, andre gjer det ikkje. Eg har ei vag kjensle av at denne filmen var heilt grei då eg såg han på kino for eitparogtjue år sidan, men eg vonar det er minnet som sviktar. Himmel og hav for noko skvip.
Filmen er basert på ein Hamsun-roman. August (spelt av Helge Jordal) er ein sprudlande draumar, som gjerne overdriv det han har vore med på, men som likevel sit att med litt verdiar histen og pisten. Han har ofte selskap av Edevard (Trond Peter Stamsø Munch), ein langt meir jordnær og heimekjær kar. August er på farten i inn- og utland; Edevard kjem seg (omtrent) ikkje lenger sør enn Trøndelag. Der forelskar han seg i ei gift kvinne, og det går litt att og fram, før han tek henne (og dottera dei har i lag) med seg til Nordlandsbygda han er frå. Ho reiser til USA, der dei to eldste borna hennar er, og han får hjelp av August til å skaffa seg pengar til USA-billett sjølv.
Der er litt fleire sider av den historia, men i ein film som dette er det lett å tenkja på andre ting. Her er litt for mykje å irritera seg over. Det er eit kontinuerleg og massivt overspel frå skodespelarane. Alle prøver å snakka nordnorske og trønderske dialektar, og ingen andre enn dei innfødde greier det. Verst er Marita Lagerkrantz, ei svensk skodespelarinne som spelar Lovise Margrete, kjærasten til Edevard. Her er mange flotte naturbilete, men scenene med folk i er visuelt dårlege. Fargebruken er trist - dette er eit Noreg i grått, brunt og grønt. Filmen viser igjen at det svært sjeldan vart bygd nye hus i Noreg på 1800-talet - så godt som alle husa i filmen er gamle og falleferdige. Helge Jordal ser ut som både Kasper og Jesper og Jonatan. Kvar gong ein båt siglar nær land, spring det ein flokk unge og eldre på land, for å halda følgje med båten. Det vert som ein kortversjon av Hurtigrute-programmet til NRK, det einaste som manglar er at det på halvparten av knausane står eit blandakor og framfører av slagerane til Elias Blix.
Det er altså ikkje noko å skryta av, dette heller. Det var visst slik norsk film var i åtti-åra, mykje skrik og lite ull.
Guffen kan ikkje tilrå dette.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar