Sommaren 1988 skreiv eg ein artikkelserie for ei lita avis i Breckenridge, Colorado. Redaktøren nytta ofte høvet til å fortelja at ho var syskenbarnet til Dylan Thomas, og minst ein gong bad ho meg lesa Under Milk Wood, slik at eg kunne skjøna at ho kom frå ei kulturslekt. Eg prøvde, men fekk ikkje noko større ut av boka. Seinare har eg høyrt mykje bra om Thomas, og har av og til fundert på om eg burde prøva igjen.
Eg prøvde denne boka, mest på grunn av tittelen. Boka inneheld ti relativt korte noveller, som alle handlar om ein ung mann som heiter Thomas til etternamn. Dei er altså truleg litt sjølvbiografiske, og tidvis er dei svært gode. Den beste er "Extraordinary Little Cough", der fire unge menn reiser på sommarferie til ein stad dei veit dei vil treffa jenter, men som er altfor unge og ferske til å få napp.
Eit stikkord i boka er lengting. Hovudpersonen vil inn i vaksenverda, han lengtar etter kjærleik, han lengtar etter fast og viktig arbeid, og han vil gjerne vekk frå den vesle byen han bur i. Nokre av novellene er altså gode, men dei fleste er heilt på det jamne. Språket kan vera poetisk og godt, men like ofte er det prega av altfor lange setningar, som manglar den heilt store gløden. For meg vart dette altså ei ujamn bok.
Guffen er lunken.
29. januar 2012
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar