Far min har samla verk av Hamsun ståande i hylla si, og på vegen min gjennom forfattarskapen er det der eg finn bøker eg manglar sjølv. Utgåva hans, frå 1976, opnar med Sult - dei ser altså vekk frå Den gaadefulde og Bjørger, og det er det gode grunnar til. Dei to bøkene er heller tradisjonelle og lite originale, medan Sult stod for noko heilt anna. Slik er det òg med Mysterier - dette er langt meir spanande lesnad enn dei to fyrste skjønnlitterære bøkene til Hamsun.
Det handlar om ein sommar i ein liten sørlandsby. Johan Nilsen Nagel kjem til byen, tek inn på hotellet, og vert raskt eit samtaleemne for dei fastbuande. Han går heile tida kledd i ein gul dress, han snakkar med alle, han tek ofte parti med dei svake, han har avvikande meiningar om politikk og samfunn, osb. Han forelskar seg i dotter til presten, som avviser han av di ho er alt er trulova; litt seinare frir han til ei kvinne som han truleg ikkje finn spesielt attraktiv. Han strør om seg med pengar, og han passar på å la eit telegram som fortel om rikdommen hans liggja framme, slik at folk kan sjå det.
Nagel er ein lite truverdig person. Han motseier seg sjølv, han er ein diktar, og han snakkar mykje med seg sjølv. Mykje i romanen er uavklart, og der ligg òg styrken i boka - me treng ikkje forstå alt for å ha glede av lesinga.
Guffen tilrår.
Meir Hamsun på kulturguffebloggen
Den Gaadefulde (1877)
Bjørger (1878)
Fra det moderne Amerikas Aandsliv (1889)
Sult (1890)
Victoria (1898)
Telegrafisten (film, 1993)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar