Det kan vera at eg er på bærtur her, men det må då ha kome ut langt fleire pamflettar før? Eg har nokre gonger gått lov til å gå gjennom bokhyllene til slekt og vener, og då finn eg ofte pamflettar frå den norske målsoga. Dette er ein slik pamflett, eit hefte på 16 sider.
Ingolf Kvamen var fødd i Fjaler i 1908. Han var utdanna teolog, men må òg ha arbeidd som lærar: Under læraraksjonen i 1942 vart han arrestert, og han var mellom dei mange som vart sendt til Kirkenes på tvangsarbeid. Han var målmann, og dette heftet er todelt: I den fyrste delen prøver han å leggja til rette for eit "kristeleg ordskifte um målspursmålet", han set altså opp nokre vilkår kristne bør fylgja dersom dei skal gå i måldebatt. Kortversjonen er at dei må ta kristelege omsyn, psykologiske omsyn og saklege omsyn.
I den andre delen av heftet kjem han med ei kort målsoge fram til 1936. Det kan ikkje vera tilfeldig at han kjem med dette heftet akkurat då, det var knallhard språstrid fram mot rettskrivingsendringane i 1938. Kvamen er djupt skeptisk til samnorsken, han meiner at både nynorsk og bokmål har livets rett. Men viss det skulle gå så gale at dei to språka vart slegne saman, meiner Kvamen at namnet måtte verta høgnorsk.
Guffen er lunken.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar