Eg er gamal nok til å interessa meg for lokalhistorie. Det er rett nok den lokale lokalhistoria som interesserer mest, men også lokalhistorie frå andre område kan interessera. Denne boka handlar om korleis folk i og rundt Fjærland kjempa for å verta knytt til vegnettet.
Det som kanskje gjorde at eg fann boka interessant er at eg har køyrt gjennom Fjærland mange gonger. Eg stoppar ofte, og viss ungane er med høyrer det med til det daglege programmet at eg snakkar om korleis Fjærland lenge var relativt isolert. Slik var det fyrste gong eg var her - då kom eg med den siste ferja frå Hella og overnatta i sovepose bak Bremuseet.
Eggum fortel om ein lang kamp. Løyvingar til veg vaks ikkje på tre tidlegare heller. Me får lesa om alle framlegg som har vore oppe, frå planane om jernbane i 1920-åra til dei mange ulike vegløysingane. Lenge var det snakk om å byggja veg langs fjorden, anten på austsida eller vestsida. Det var kamp om midlane også i fylket, og det tok lang tid før det vart noko av vegane. Tunnelen nordover til Lunde opna i 1986; vegen sørover mot Sogndal vart opna i 1994.
Eggum fortel historia godt, sjølv om det av og til vert for mange detaljar. Det hadde nok vore betre flyt i boka dersom han hadde komprimert nokre av kapitla. Han skal derimot ha stor pluss for bileta - alle held ikkje like god teknisk kvalitet, men dei er jamt over svært informative.
Guffen tilrår.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar