Leksikografen Dagfinn Worren var redaktør for Nynorskordboka, som kom i 1986, og var hovudredaktør for Norsk Ordbok frå 2005 til 2015, året dette tolvbandsverket vart fullført. Slik sett har dette heidersskriftet fått ei fin form - her er 29 bidrag, og desse opnar med kvar sin bokstav.
Denne løysinga har òg eit anna pluss: Med så mange bidrag vert kvar artikkel rimeleg kort. Eg har ikkje noko imot å lesa lange artiklar, men dette skriftet skil seg ikkje ut frå andre heidersskrift eg har lese: Det er klart at nokre av artiklane fengar mindre enn andre. Og når artiklane er korte er det lettare å lesa dei som er mindre interessante.
Svært mange av dei som skriv har vore kollegaer av Worren. Dei skriv såleis om emne som bør gleda han, og det er kanskje det viktigaste. Her er mykje av interesse også for oss som ikkje er så langt inne i språk og ord som Worren. Blandinga er stor, her er altså reint faglege artiklar blanda med lettare artiklar. Artikkelen "Ærefull avgang" har form av eit referat frå eit møte der leiargruppa i Norsk Ordbok vurderer vala Worren har gjort så langt i livet.
Guffen tilrår.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar