Ei viktig bok, med mykje viktig dokumentasjon. Larson skriv om band der kvinner var sentrale, og avdekkjer med det store hol i andre historiebøker: Svært mange av desse banda er lite kjende i dag, og sjølv om det slettes ikkje er slik at alle banda her var viktige og sentrale, er her nok av døme på at kvinner var viktige då punken spreidde seg gjennom USA.
Bortimot hundre band vert presenterte her. Dei aller fleste var heilt ukjende for meg, og eg går ikkje rundt og trur at eg kjem til å hugsa alle namna deira. Nokre gav ut plater, andre kom aldri så langt. Eit gjennomgåande trekk er at ingen kom til dekka bord, dei aller fleste var pionerar som måtte laga vegen sin sjølv.
Det er ikkje berre band som spelte punk det er snakk om, nokre av banda er nok med av di dei hadde haldningar som passa godt i punken. Det er òg slik at grovt sett er her to typar band - band der vokalisten er einaste kvinna, eller band der alle medlemmene er kvinner.
Banda vert presenterte på ei eller to eller tre sider. Ved nokre høve kjem det intervju med nokre av dei Larson skriv om. Dei intervjua er jamt over gode, og er med på å bryta opp tekstane i boka. For det er ei bok som bør lesast i porsjonar - dei mange artiklane kan verta litt like.
Guffen tilrår.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar