25. mars 2025

Oscar Wilde: The Picture of Dorian Gray (1890)

Dette var den einaste romanen Oscar Wilde gav ut. Hovudpersonen, Dorian Gray, er ung og fager og passeleg velståande. Han vert måla av kunstnaren Basil Hallward, som saman med Lord Henry Wotton er dei nærmaste venene til Gray. Måleriet er uvanleg vellukka, men det vert aldri stilt ut. Grunnen er openberr: Gray vert ikkje eldre, og han vert heller ikkje fysisk merka av alt det vonde han finn på. Den vondskapen viser i staden att på måleriet, der altså Gray vert eldre og eldre.

Det er ein fin roman. Det heile går føre seg i London, og boka er nok meint dels som ein harselas over overklassen, som går i teater og på opera og som heile tida er på festar og i selskap. Det handlar òg litt om samanhengen mellom liv og kunst. Og det handlar om attraktive unge menn, langt nede mellom linene ligg det noko homoerotisk.

Men det beste med boka er språket. Wilde hadde eit uvanleg godt talent for gode replikkar, og aforismane står tidvis i kø. Nokre er nok meinte som kommentarar over samtida, slik som dei mange vitsane om Amerika og Frankrike. Andre er berre morosame.

Guffen tilrår.

Meir Wilde på kulturguffebloggen
The Importance of Being Earnest (1895)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar