Filmen fortel om korleis dei såkalla "tyskarjentene" vart handsama etter krigen. Det er ikkje noko me som nasjon skal vera stolte av - mange vart integrerte, nokre vart sende ut av landet, og dei var altså rettslause. Dei var ikkje innom domstolane, men vart straffa etter ei vag formulering i straffelova.
Regissøren, Lena-Christin Kalle, snakkar med to av desse kvinnene, med to menn som var til stades då kvinner vart mishandla rett etter krigen, og med ein tyskar som var soldat i Noreg etter krigen. Tyskaren er den minst interessante. Dei to mennene har vel litt ulik haldning i dag - ingen av dei var med på å klippa eller slå kvinner, men dei såg at andre gjorde det. Den eine forsvarar det noko meir enn den andre.
Det er uansett samtalane med dei to kvinnene som gjer størst inntrykk. Den eine, Rigmor, vil eigentleg ikkje stå fram med ansiktet sitt, før ho likevel gjer det mot slutten av filmen. Det er gode scener. Den andre, Ragnhild, gifta seg med den tyske kjærasten sin og flytta til Tyskland, der ho budde lenge.
Det er ein solid og god film, som bør visast på alt som er av vidaregåande skuler. Det er viktig at den oppveksande slekta får kjennskap til dette. Alt er likevel ikkje feilfritt i filmen - eg synest Kalle lagar eit altfor stort nummer av at arkivmaterialet som handlar om desse sakene er klausulert fram til 2030.
Guffen tilrår.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar