2. august 2015

Ringenes herre: Ringens brorskap (2001)

Fantasy-filmar er ikkje den sjangeren eg likar best. Men Aslak og Ivar har spurt om ikkje dei kan få sjå denne filmen (og dei to andre i trilogien), og sidan dei er litt i grenseland for tilrådd aldersgrense, såg eg filmen saman med dei.

Eg har sett han før, og eg las òg bøkene for lenge sidan. Det er eit fengande eventyr, der det (sjølvsagt) er rimeleg oversiktleg kven som er på lag med kven. I filmen er det svært tydeleg kven av dei ni i brorskapet som (mellombels) skal svikta Frodo; derimot er det litt meir overraskande at trollmannsjefen til Gandalf skiftar side.

Kort resymé? Hobbiten Frodo har den mektigaste ringen i verda. Viss Sauron, den ondaste skurken i verda, får tak i ringen, går heile verda til pises. Ringen må øydeleggast, og den einaste måten det kan gjerast på er å kasta han i dommedagsfjellet i Mordor. Hobbitar er puslingar, men heldigvis får Frodo hjelp av trollmannen Gandalf, dvergen Gimli, alven Legolas, dei to mennene Aragorn og Boromir, og tre andre hobbitar som rota seg inn i det heile. Saman utgjer dei Ringens brorskap, og dei møter mange rare skapningar på sin veg - svarte ryttarar på svarte hestar, holetroll, ein demon og ekstreme mengder orkar, men dei fleste kjem seg trygt forbi, og vidare mot Mordor. Filmen sluttar med at brorskapet vert splitta, og Frodo og Sam reiser vidare åleine.

Det er ein film som fengar, her i stova fenga han òg dei som ikkje hadde sett han før. Det er spanande, det er (stort sett) gode dataeffektar, det er passeleg med humoren, og dei minste sette òg pris på at valden ikkje var meir valdeleg. Så då er det vel ikkje anna råd enn å sjå dei to neste filmane òg, om ikkje altfor mange dagane.

Guffen tilrår.

Meir Tolkien på kulturguffebloggen
Hobbiten (1937)
Ringenes herre: To tårn (2002)
Ringenes herre: Atter en konge (2003)
Hobbiten. En uventet reise (2012)
Hobbiten: Smaugs ødemark (2013)
Hobbiten: Femhærerslaget (2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar