8. august 2015

Greil Marcus: The History of Rock'n'roll in Ten Songs (2014)

Det verkar jo som ei meiningslaus oppgåve: Skriv historia om rock'n'roll med utgangspunkt i ti songar. Og det er heller ikkje det Greil Marcus gjer. I staden skriv han ni essay om desse ti songane, pluss det han kallar eit instrumental mellomspel om ein ellevte song.

Og det gjer han på ein aldeles glimrande måte. Essaya hans er slik essay skal vera - kunnskapsrike, flygande, lærerike og velskrivne, og svært ofte er dei òg underhaldande. Utvalet av songar er nok prega av at Marcus er fødd midt i 1940-åra, her er klar overvekt av songar frå 1960-åra, og når han skriv om noko som har skjedd etter århundreskiftet er det oftast når artistar gjer nye versjonar av eldre songar.

Skulle eg tippa på førehand kva songar og artistar han ville skrive om, ville eg bomma på det aller meste. Sjølv om han nemner dei fleste artistane eg ville tippa han hadde inkludert, spelar dei ikkje hovudrolla i essaya. Her er ingen essay om Elvis, Rolling Stones, Dylan, Sex Pistols, Radiohead, Patti Smith, Neil Young, Clash, eller nokre av dei andre eg truleg ville ha tippa. Her er essay om Beatles, men songen han skriv om er "Money (that's what I want)", der Barrett Strong hadde originalversjonen. Songane han skriv om er "Shake Some Action" (Flaming Groovies), "Transmission" (Joy Division), "In the Still of the Night" (The Five Satins), "All I Could Do Was Cry" (Etta James), "Crying Waiting Hoping" (Buddy Holly), "Money Changes Everything" (The Brains), "The Magic Moment" (Ben E. King and the Drifters), "Guitar Drag" (Christian Marclay) og "To Know Him Is To Love Him" (Teddy Bears), pluss eit essay om Robert Johnson. Og i dei fleste artiklane skriv han om versjonar gjort av andre artistar, og så er han brått innom noko heilt anna.

Eg har lese mange artiklar av Marcus, men denne er den fyrste boka hans eg har lese. Det er vanskeleg å sjå føre seg ein meir kunnskapsrik musikkjournalist/-forfattar, og det er òg vanskeleg å finna ein musikkjournalist/-forfattar som skriv betre. Det var så godt som stas heile vegen, og det går vel slik det vanlegvis gjer: Om ikkje altfor lenge les eg fleire bøker av nye favorittforfattarar.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar